Om kvinnekamp for dei uvitandeKvinnekampSakprosaMarta Breen:Kvinnekamp. Foreningen Skuld: Norges første bøllekurs
Kvinnekamp er ikkje anna enn ei innføringsbok i ein del av norsk kvinnesoge.
Marta Breen skriv om kvinnegruppa Skuld.
Foto: Privat
Denne vesle boka på totalt 85 sider er nærast for eit langt essay å rekne, ettersom Marta Breens tekst fyller berre litt over halvparten av sidetalet; resten er illustrasjonar. Det seier seg då nesten sjølv at det ikkje kan bli noko utfyllande verk om debattforeininga Skuld, som vart starta i november 1883 av seks unge kvinner som hadde vorte kjende med kvarandre på eit privat artiumskurs.
I 1882 hadde norske kvinner fått løyve til å ta examen artium, men offentlege gymnas vart ikkje opna for dei før to år seinare, slik at dei seks kvinnene måtte gå opp til eksamen som privatistar. Denne situasjonen, og sjølvsagt òg feministiske straumdrag i tida, inspirerte dei til å stifte ein privat og hemmeleg diskusjonsklubb der dei skulle lære seg å ta ordet og diskutere i forsamlingar.
Etter kvart blei møta opne for fleire kvinner, den kjende og respekterte kvinnesakskvinna Gina Krog kom med, og snart var medlemstalet auka til 24. Men Skuld fekk kort levetid, for alt i juni 1884 gjekk medlemane inn i den nystifta Norsk Kvindesagsforening på initiativ av Gina Krog.
Marta Breen endar framstillinga av Skulds liv og virke her. Men ho følgjer opp med eit kapittel om striden om Bjørnstjerne Bjørnsons drama En Hanske (1882) og nokre av innspela til Skuld-kvinnene i debatten om seksuell dobbeltmoral (med ein malplassert ekskurs om mellomalderforfattaren Christine de Pisans åtak på Roman de la Rose, ei satirisk bok om kvinner). Underkapittelet om kvinnerørsla sitt syn på arbeidarkvinner og sosialisme, der Skuld-medlemen Fernanda (Holst) Nissen spelar ei viktig rolle, er derimot interessant og relevant.
Boka sluttar med ei samling biografiske notisar om dei seks pionerkvinnene Marie Holst, Anna Bugge (Wicksell), Laura Rømcke (Schjødt), Minda Ramm (Kinck) og Betzty Børresen (Kjelsberg). Opplysingane når ikkje stort ut over dei ein kan finne i biografiske leksika, og byggjer ikkje på sjølvstendig forsking.
Bøllekurs?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.