Gro Harlem Brundtland fyller 80 år i vår. Denne biografien gjev nye generasjonar høve til å bli kjende med den første kvinnelege statsministeren vår.
Dette er den andre utgjevinga i nysatsinga på biografiar for dei minste. Også denne gongen er det ein ung skodespelar utan erfaring med å skrive for barn som fører pennen. Framstillinga er kronologisk og har ein fin balanse mellom det personlege og det politiske. Teksten er barnleg og enkel, noko som for så vidt fungerer greitt til formålet, men fråværet av ei kunstnarleg stemme er påfallande.
Illustrasjonane kompenserer for dette, dei utvidar teksten på fleire måtar. Alt innsidepermen dreg merksemda mot teikningane. Rosene flyt ut over boksidene. Dei same rosene omkransar den bestemte jenta med armane i kors på framsida.
Små triks som å la den kortklipte, praktiske hårsveisen vere den same frå barndom til alderdom gjev både humor og rom for ettertanke.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.