Om å slå inn opne dørerOm Solveig syn på dei norrøne kvinnene altså ikkje er nytt, verkar framstillingsforma utradisjonell.
Om Solveig Aareskjolds syn på dei norrøne kvinnene altså ikkje er nytt, verkar framstillingsforma utradisjonell.
Unge Gyda skal ha fått Harald Hårfagre til å samle Noreg til eitt rike.
Illustrasjon frå boka: Erik Werenskiold
Med kjelder som Heimskringla, Flatøybok, islendingsogene, Boses saga og Den eldre Edda har Solveig Aareskjold med Astridene vilja skrive ei alternativ soge, der dei driftige og motige kvinnene kring Olav Tryggvason spelar ei avgjerande rolle. Innleiingsvis hevdar ho nemleg at moderne framstillingar av vikingtida, anten det gjeld faghistorie, romanar eller film, har ein lei tendens til å underspele den sjølvstendige statusen frie kvinner hadde i norrøn tid. Dei kunne vere minst like ærekjære, brutale og maktglade som menn. I staden vert dei no skildra som hjelpelause offer for mannleg brutalitet.
Solveig Aareskjold har kanskje rett når det gjeld moderne populær film, men forfattarar av historiske romanar som Vera Henriksen og Ragnhild Magerøy gir eit meir nyansert bilete av dei norrøne kvinnene enn ho vil ha det til. Og vikingtidas kvinner har vore eit stort internasjonalt forskingsfelt heilt frå 1950-talet. I det norrøne krigarsamfunnet stod nok kvinnene lågare på statusstigen enn menn, men det var til dømes straffbart å krenke frie kvinner med ord eller gjerning. (Noko å merke seg i desse sextrakasseringstider.) I nyare tid har forskarar som Gro Steinsland, Else Mundal og Helga Kress skrive både faglitteratur og meir populærvitskaplege bøker om kvinnene i det norrøne samfunnet og i den norrøne litteraturen.
Utradisjonell
Om Solveig Aareskjolds syn på dei norrøne kvinnene altså ikkje er nytt, verkar framstillingsforma utradisjonell. Astridene er ikkje eit vitskapleg arbeid. Boka er rett nok utstyrt med føreord, kart og plansjar til liks med sluttnotar og namneliste, men manglar ein diskusjon av kjelder og tidlegare arbeid på feltet. Ho kan snarare karakteriserast som ei frekk blanding av forteljing og friske, polemiske essay med spark òg til mange trekk ved vårt moderne samfunn. Den noko tynne raude tråden er skildringa av Olav Tryggvasons lagnad frå han vart fødd til han vart drepen i slaget ved Svolder då han var i trettiåra, som nemnd med særleg vekt på den rolla tre mektige Astrid-er spelte i livet hans.
Den viktigaste var mora, Astrid Eiriksdotter, barnebarn til Harald Hårfagre og enkje etter Tryggve Olavsson. Astrid fødde Olav i løyndom og redda han unna dronning Gunnhilds forsøk på å fange og drepe han, for å hindre han eller mor hans i gjere krav på Noregs trone. Forteljinga om henne får stor plass. Dei andre Astrid-ene er meir bifigurar: Olavs søster Astrid Tryggvadotter, som støtta bror sin ved å gifte seg med ein mann han gjerne ville i allianse med, og svigerinna Astrid Burislavdotter, som etter nokre meir usikre kjelder skal ha hjelpt han til å kome seg unna etter slaget ved Svolder.
Andre sterke kvinner
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.