Musikk

Om å kopla på att

Halse-kvintetten har utvikla eit særmerkt lyrisk uttrykk.

I kvintetten har Tuva Halse med seg Gard Kronborg, Øyvind Leite, Oscar Andreas Haug og Benjamín Gísli Einarsson.
Publisert Sist oppdatert

På den andre plata i eige namn er Tuva Halse på jakt etter eigen musikalsk identitet ved å koma i kontakt med det som ein gong byrja å forma henne på musikkfeltet. Difor tittelen Reconnection.

Det har vore ei emosjonell reise, ikkje av typen berg-og-dal-bane, men ei reise som har stimulert til ettertanke og refleksjon.

Dei elleve låtane Halse har skrive, fortel om det stemningslandskapet denne nye påkoplinga har funne stad i – «Contemplation», «Consideration», «Confusion Illusion», «Sorryrow» og «Longyear». Ho skriv nydelege melodiar med ein klar referanse til barokken. Balladane er rørande vakre med nemnde «Contemplation» som krona på verket. Uttrykket blir utvikla i spaningsfeltet mellom det klassiske og jazzen, mellom det arrangerte og improviserte. Skal ein våga seg på ei samanlikning, så er det Mathias Eick som først fell ein i hug, men Halse har sin eigen klare identitet.

Ein sentral del av uttrykket er kor finkalibrert fele og trompet kling i hop. Eit anna sentralt element er den utrulege dynamikken, frå dei varaste augneblinkar der det så vidt pustar liv, til det grandiose og overveldande. Å vera bassist og trommeslagar innanfor eit slikt regime er krevjande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement