Om å bryte klørne i forteljinga
Poeten skriv tilsynelatande prosa, men bryt ut i ei poetisk og rik skrift.
Rebecca Kielland debuterte med ei diktsamling i 2007. No er den femte diktsamlinga ute.
Foto: Lasse Gundersen
Dikt
Rebecca Kjelland:
Vinterkorn og vårtunger
Oktober
Rebecca Kjelland er ute med si femte diktbok, Vinterkorn og vårtunger. Kjelland debuterte i 2007 med Akkorda under fluktlinja og skreiv dei to første diktbøkene sine på romeriksdialekt.
Kjelland blei av Morgenbladet og Norsk litteraturfestival på Lillehammer i 2015 kåra til ein av dei ti beste norske forfattarane under 35 år.
Det som kjenneteiknar Kjellands poesi, er eit høgt oppdrive tempo der ho kombinerer det folkelege med det meir opphøgde. I årets samling kan ein definitivt krysse av for høgt driv, både når det gjeld dei korte setningskonstruksjonane og i spranga og rørslene poeten gjer. I tillegg handlar boka om eit kjærleiksforhold, som skal gå i knas, mellom det lyriske eget og eit du. Og det handlar mykje om mat, ingrediensar, det overdådige og nyting, fenomen som vekkjer det kroppslege og sanselege til livet.
Det er ikkje slik at forholdet slår sprekkar mot slutten, for slutten kjem inn som frampeik alt frå starten av: «Stilen til framtida var fortid», heiter det eksplisitt tidleg i boka.
Og når det gjeld sprekkane, som rommar ulike utvegar, blir dei påtalte alt i den første av bokas fire seksjonar: «Sprekkene, tapetskjøtene, fugene i rommet var muligheter, rømningsveier. Jeg blei sømmen i ei bukse, rant ned i sluk, i pastavannet, inn i buketter, jeg løp ned trapper og ut.»
Tekstane er sette opp som prosa, der linene går heilt ut til høgremargen. Tekstane kan likevel lesast som poetiske nedslag som lyftar seg or relasjonen som forteljinga konsentrer seg om, her finst bilete som har kraft nok til å splintre, bryte opp og or forteljinga, her finst passasjar som kan lesast i økopoetisk retning, ja, storlommen, skarven, kaiene, hakkespettane og skjærene me les om, speglar det svinnande artsmangfaldet, men også lyfte om fridom. Og boka faldar også ut ein refleksjon over kva tyding framtidsbilete har for korleis ein (ny)orienterer seg i verda.
Like mykje som Rebecca Kjelland skriv fram ei forteljing, handlar det om å bryte ut or den same forteljinga, fordi det nett er den destruktive strukturen i forteljinga som verkar å drepe kjærleiksforholdet. Det er dette Kjelland gjer, gjennom å lage ei poetisk skrift som alltid er i ferd med å bryte ut, stoppe opp. Det kan vere så enkelt at lesaren sjølv stoggar opp og undrar seg over eit ord som mameloner.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.
Foto: Heiko Junge / NTB
Jordskjelvet
Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.
Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.
Foto: Heiko Junge / NTB
Moralske kvalar
Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.
Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Villrein i eit villnis
Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.
Edvard Munch: «Dagen derpå» (1894).
Nasjonalmuseet
Bakrus
Verst er plagene utpå morgonkvisten når promillen ligg kring null.