Olav H. Hauges eigenlege debutbok

Publisert Sist oppdatert

Seljefløyta er eit storhende i norsk lyrikk, ho har ein sjølvskriven plass i bokhylla til Hauge-lesarar og andre diktinteresserte. DIKT Olav H. Hauge:

Seljefløyta

Det Norske Samlaget 2018

Olav H. Hauge er ein av dei kjæraste diktarane våre i moderne tid, men han gav berre ut seks diktsamlingar i levetida si. Dei som beundrar dikta hans, kan tittel og utgjevingsår på samlingane på rams, frå Glør i oska frå 1946, til Spør vinden i 1971. Ei siste, sjuande bok, Janglestrå, kom i 1980, men ho kom som ein del av Dikt i samling.

Men no, 24 år etter at diktaren gjekk bort, kjem det ei ny Hauge-samling ut. Boka kan nettopp kallast eit sjølvstendig verk, for det handlar ikkje om ei oppsamling av etterlatne dikt, men eit manus Hauge sjølv sende inn til Olaf Norlis Forlag i 1938. Ho hadde tittelen Seljefløyta og kunne ha vorte debuten hans – hadde ikkje forlagsredaktøren vendt tommelen ned med domen: «Dikta var gode, men knapt uvanlege.»

Den litterære debuten kom fyrst åtte år seinare. Dette står å lesa i innleiinga til boka, skriven av redaktør for samlinga, Bodil Cappelen, enkja etter Olav H. Hauge. Cappelen informerer òg om at dei 17 siste av dei 42 dikta som er tekne med i boka, «er frå skilde tider, frå 1940 til det siste diktet med årstal, 1979. Det aller siste diktet er utan årstal, og funne etter Hauges død». Trass i dette tillegget av nyare dikt får lesaren kjensla av å lesa ei ny diktsamling av meisteren frå Ulvik.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement