JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Olav H. Hauge-dagbøkene: 14. januar 1971

For Ibsen stal, stal og bygde på reiret som ein annan ramn alle sine dagar. Ibsen var ingen original tenkjar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2529
20230922
2529
20230922

Vilde det ikkje vera forvitneleg å røkja etter korleis Ibsen såg på arbeidsfolk? Såg han i det heile slike folk? Bønder, fiskarar, handverkarar? Er det i det heile folk i hans augo? Snautt. Det er sjeldan ein møter dei òg.

Spelstykki, er høgare embetsfolk, amtmann, fut, sorenskrivar, general, statsråd, kammerherre, skipsreidar, fabrikkeigar, direktør, grosserarar, godseigarar, brukseigarar, dertil redaktørar, overlærar, adjunkt, rektor, prest. Stutt sagt, alle høyrer til den dana yverklasse. Tenestegjentor møter ein. Elles er arbeidsfolk heilt anonyme og statistfigurar.

Folk Ibsen har bruk for er folk som kan diskutera idéar, den sams europeiske åndsarv, difor må dei vera upplyste, orienterte. For Ibsen er idediktar fyrst og fremst. Difor må hovudpersonane vera upplyste, ha tileigna seg den europeiske åndsarv. Og ikkje berre ha bakgrunnskunnskap, men òg vera orienterte i dei brennande spursmåli som tidi var uppteki av, – helst slike som såg inn i framtidi, – som Løvborg.

Ibsen har kjent sin Hegel. Idéane styrer verdi. Der er svingpunktet. At han som klok sporutslettar seinare sa han hadde liti tru på filosofien, han hadde alle dagar stole centrale tankar og laga skodespel av dei.

For Ibsen stal, stal og bygde på reiret som ein annan ramn alle sine dagar. Ibsen var ingen original tenkjar. Gamle Schopenhauer vilde ha smilt godt, Kierkegaard sameleis. Ibsen er eit «gjøkur». Eit gaukur som viser tidi frå 1850 – til 1900 med fantastisk presisjon. Det var ein djevelsk kunnig og utspekulert og reknande urmakar som laga det.

Det både viser tid og sekund, han både veg og mæler. Av og til slær han nebbet upp og lær, klukkar og lær, ein mekanisk lått, som fortel det er gull og dyre steinar i det, han har sitt for seg sjølv å gleda seg yver – den gauken.

Det store ved Ibsen er respekten for kvinna. Han må sjølv ha vore ein lukkeleg mann. Utan kunde han ikkje skapt alle desse herlege kvinnone! So eldhuga, so djupe, so trugne! So i grunnen kan ikkje Rubek vera Ibsen sjølv?

Ibsen gjekk til kamp mot eit samfunn stivna i konvensjon. Og skapte eit menneskeideal, det aristokratisk radikale mennesket (med den ideale fordring i bunnen). Det vart ein ny konvensjon. Ein ny mekanikk. Som dei siste 30–40 åri har sprengt i stykke. I grunnen er Ibsen si verd historisk i dag. Men kor forvitneleg! Og so einfeld at ein kan finna fram i henne. Det er ein styrke.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis