JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Olav H. Hauge-dagbøkene: 1. januar 1968

Brødrene Karamasov lånte eg av sokneprest Olafson, eg var 20 år då. Ho gjorde eit sterkt inntrykk på meg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2277
20231006
2277
20231006

Kaldt. Sol. Vinter. – Lese meir i Raskolnikov. Kjende hovudet verkte i dag då eg vakna, eg las for mykje i går, levde med. Og eg byrja att i dag, det gjeng til endes med andre bandet no.

Dette er den mest spanande detektivroman som er skriven! Eg segjer det, det stemmer sikkert. Meir vil eg ikkje segja.

Leita fram Zweigs Drei Meister, eg trur han kan skildra denne forfattaren for meg, sjølv vil eg ikkje prøva på det. Endå eg har lese mykje av han fram gjenom åri, ja eg har vel fare gjenom det som er kome på norsk av han, tenkjer eg.

Kafka, Rilke, kva vilde dei ha vore utan Dostojevkij? «Gloomy», segjer ein kinesisk forfattar til Moravia um han. Kan gjerne vera det. Verdi var «gloomy», og er det i dag òg. Raskolnikov for eg gjenom då eg var ung, eg forstod visst ikkje mykje av den boki.

Brødrene Karamasov lånte eg av sokneprest Olafson, eg var 20 år då. Ho gjorde eit sterkt inntrykk på meg. Eg hugsar henne som farge: gul, sjukleg gul. Kor det har seg, kan eg ikkje forklåra no. Ho greip meg ikkje slik då eg las henne uppatt for 15–16 år sidan, kanskje var eg ikkje so inntrykksvár då – las meir med forstanden.

Idioten tykte eg var forvitneleg. Og I dødens hus er alltid gripande. De besatte kom eg ikkje heilt igjenom. Dobbeltgjengeren tykte eg var fantastisk.

Raskolnikov har eit etterord som kanskje ikkje nett styrkjer romanen – ei forklåring eller ei tyding for veiksinna og sentimentale lesarar. Det er likevel noko attpå, ein kjenner at slutten er nær då han vender um då han møter Sonja utanfor politistasjonen, ser dei spyrjande augo hennar, um han har gjort offeret. So den forklåringi til slutt høyrer liksom ikkje med.

Hovudtankane i Raskolnikov er mykje av dei same som Nietzsche tumla med, kanskje her er ein samanheng, eg torer ikkje segja det.

Det er noko å tenkja på – Uppdal har i «Isberget» kome inn på fårlege tankar som sikkert viser attende til Raskolnikovs problem, eg trur ein må setja seg inn i Dostojevskij og Nietzsche og Strindberg og Hamsun skal ein forstå det diktet – det gjeng drag i alle desse forfattarane som mykje godt er sams, dei har mykje godt tumla med same spursmåli òg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis