Musikk

Olav H. Hauge i 2025

Diktarhøvdingen går i møte med elektronisk folkemusikk.

Erlend O. Nødtvedt og Erlend Apneseth Trio har tatt for seg dikt av Olav H. Hauge.
Publisert Sist oppdatert

I 2021 gav Ulvik poesifestival forfattaren Erlend O. Nødtvedt og Erlend Apneseth Trio i oppdrag å laga tingingsverket Black Hauge. Verket tok utgangspunkt i diktinga til Olav H. Hauge og baserte seg på nokre av Hauges mest kjende dikt.

Felles for uttrykka til Nødtvedt og trioen er ei leiken og uredd tilnærming til tradisjonen. Der trioen tar i bruk element frå folkemusikken, utnyttar forfattaren tradisjonen aktivt i form av sitat, pastisjar, hyllester og omskrivingar. I dette tingingsverket blandar dei desse ideane saman med Hauges tekstar, som blir lesne av forfattaren i arkivopptak.

Heftig folkemusikk

Me får relativt heftig og energisk folkemusikk blanda saman med strofer frå dei mest kjende dikta til Hauge, særleg diktet «Draumen», som er eit hovudelement i prosjektet, lagt i loopar der han gjentek strofer, eller me får lausrivne ord som gjer verket til ein fryd å høyra på.

Eg har ein mistanke om at ikkje alle Hauge-ekspertane som var til stades i Ulvik ved urframføringa, var like begeistra for måten musikarane behandla lyrikken til Hauge på. Men samstundes med at dei tok vare på den rolege og trygge røysta til Hauge, får me framifrå og moderne folkemusikk, slik at verket blir ein ny måte å oppleva tekstane på.

Ny tekstoppleving

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel