Også moro for far og mor Boka kan ta høgtlesinga til nye høgder.BarnebokRagnar Aalbu: Hakk o ve Ena forlag /
Boka kan ta høgtlesinga til nye høgder.
«Du må slutte å hakke!» seier dokteren til hakkespetten.
Illustrasjon: Ragnar Aalbu
Sjølv om kvalitetstid kring ei god barnebok er idealet for samvitsfulle småbarnsforeldre, er realiteten ofte aleinetid bak kvar sin skjerm.
Prøv Ragnar Aalbus nye biletbok neste gong fjernkontrollen freistar. Dra minsten opp i fanget, men hopp over tittelbladet. Det vil han ikkje forstå mykje av. Sjølv smiler du av ordspelet hakk o ve straks du ser hakkespetten hos dokteren på første oppslag.
Hakkespetten har fått vondt i hovudet av all hakkinga, han må slutte å hakke. Han bør heller ikkje fly på ei stund. Han må finne på noko anna.
«Du som er ung har jo både tid og muligheter. Selv om tiden flyr», seier doktoren. Tok du den? Det gjorde du nok. Klisjear er verre for den vesle på fanget.
Moldvarpen er lettare å skjøne, og minst like morosam: Han føreslår graving. Det er graving som er greia no, meiner han.
Her er moro på mange nivå, også i dei vakre, detaljrike og leikne illustrasjonane. Delar av språkleiken krev mange års røynsle med ord og vendingar for å skjøne.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.