Teater

Og Reppen går vidare

Karriere- og erkjenningskabareten har musikalsk energi, men tynt innhald.

Iren Reppen har med seg fire musikarar på scena.
Iren Reppen har med seg fire musikarar på scena.
Publisert

Iren Reppen er ein skodespelar som no, vel tretti år etter debuten, kan smykke seg med ein ganske så mangslungen og velsett CV. Alt tidleg i karrieren fann ho ei eiga form der ho innimellom klassiske teaterroller skapte musikalske kabaretar med eigne tekster, hovudsakleg med eit kjønnspolitisk fundament.

Trilogi

Med den første kabareten i 1995, Det e hardt å være mainn, fokuserte ho på mannsrolla med kvinneblikk, og i den neste, Det er hardt å vere 2 (2004), var det samspelet mellom manns- og kvinnerolla det handla om.

No har ho på eit vis fullbyrda ein trilogi, og no fortel ho i brotstykke om å vere karrierekvinne på topplanet (ho var teatersjef på Hålogaland Teater 2009–2013), om den stendige tvilen på eiga kraft og perfeksjonisme og tvilen på om det er naudsynt å vere tøffare enn ein eigentleg er.

Reppen har alltid vore ein kraftfull sceneartist. Ho får voluminøse sceneprestasjonar til å sjå leikne og lette ut, ho kommuniserer godt med publikum utan å bli innpåsliten, og ho skriv velturnerte tekster. Ho har mogen styrke og eit barnleg smil, som er ein svært verdifull kombinasjon. Alt dette er for så vidt grunn god nok i seg sjølv til å gå og sjå henne.

Likevel – med all røynsle vi har gjennom seinare år med å sjå kjentfolk fortelje om seg sjølve i teaterframsyningar, er vi etter kvart meir og meir kresne etter originalitet og overraskingar i denne typen teater. Det synest vi nok det vantar ein del på hjå Iren Reppen denne gongen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement