Teater

Og kva så?

Innhaldet forsvinn i ei knebla form.

Tone Mostraum og Morten Espeland spelar ekteparet som spør seg kva som eigentleg hende.
Tone Mostraum og Morten Espeland spelar ekteparet som spør seg kva som eigentleg hende.
Publisert

Mikkel Bugge er ei ung røyst i norsk litteratur med stort tematisk vengjespenn. Han skriv både prosa og dramatikk, og skodespela hans har til no botna i konkrete researchprosjekt. Det vesle stykket som no har hatt premiere på Nationaltheatret, er meir ein variant av det klassiske ekteskaps- og familiedramaet, uhyre spartansk i forma, med to skodespelarar på ein naken black box-scene med lysverknader som einaste «scenografi». Tekstleg gjev stykket seg ut på å berre bestå av spørsmål, i den grad at kvar einaste setning som blir sagt, skal kome med spørjeteikn. Det er eit originalt tekstgrep, i og for seg, men når ein først bit seg merke i det, merkar ein òg at det ikkje er 100 prosent gjennomført.

Det farlege med ein slik språkleik er dessutan at ein som åskodar kan bli hengande i konsentrasjon om det åleine. Og det er synd, for det er elles mykje spennande i Bugges langsame utpakking av menneskeleg svikt og lengt, av otte og undring.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement