Bok

Observatør, forteljar og tenkjar

Boka Den norske drømmen er eit viktig tilskot til norsk sakprosa og kulturforståing.

Journalist Kadafi Zaman studerer røntgenbilete av ribbein og hender etter at han vart lauslaten i Pakistan i juli 2018.
Journalist Kadafi Zaman studerer røntgenbilete av ribbein og hender etter at han vart lauslaten i Pakistan i juli 2018.
Publisert

Sjølvbiografi? Memoarar? Erfaringsrefleksjonar? Essay som fylgjer skjemaet om at den som reiser, har noko å fortelje som vi kan reflektere over? Alt dette og meir til er boka til Kadafi Zaman. Sjangerblandinga er ikkje berre kledeleg og interessevekkjande, men produktiv, ho skaper kaleidoskopiske blikk som riv oss med i lesinga.

Du verda kor mange keisame sjølvbiografiar eg har lese; dette er snarare ei spenningsbok. Ho er oppbygd i akkurat rette porsjonar for at kvar historisk vurdering, kvar anekdote og kvart minne kjem til sin rett.

Ei mindre brautande bok om store ting har eg vel knappast lese. Zaman er nøgd med tilværet, han. Det var foreldra òg, dei slo seg til ro i Noreg, arbeidde hardt, fekk aldri stønad av noko slag og bygde eit tilvære for seg og borna – alt medan dei heldt kontakten med familien i Pakistan. Guten Kadafi hadde aldri vanskar med å rekne seg som nordmann og samstundes vere glad i arven frå Punjab, noko vi kjem nokså nært innpå med forteljinga om farfaren.

Spenningar

Like under overflata ligg der sjølvsagt store spenningar, som konflikten mellom indarar og pakistanarar etter krigshandlingane og fordrivingane av folkegrupper. Slike tilvisingar vert ikkje gjorde til ein personleg tragedie, men når vi nærast i forbifarten skjønar at indarar og pakistanarar han kjenner, har hatt gode relasjonar, skjønar vi også noko om haldninga til skrivaren så vel som måten han set pris på oppvokster og heimemiljø på – i Lier og andre stader. Han er stolt av Noreg, «verdens beste land», men skjemmest ikkje av familiebakgrunnen.

Boka sluttar derimot med raseriet og vonbrotet over dei tilstandane han møtte i Pakistan då han som TV 2-reporter vart arrestert i 2018 og kasta i ei illeluktande celle. Her gjorde cellekameratane det slike har gjort i uminnelege tider, og underheldt kvarandre med historier – og at Zaman har ei evne til å skape gode poeng ut or sogene sine, har boka då vist oss. Og trass i brotne ribbein finn ikkje den kvinnelege dommaren seg i fingerte skuldingar og gjev ordre om å lauslate den norske fangen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement