Nynorskens vassmerkeSkrivaren finn fram til likskap mellom essayet som form og nynorsken som skriftleg praksis.
Morten Søberg er ein lærd skrivar som utfordrar tanken.
Lewis-sjakkbrikke: eit tårn forma som ein berserk.
Tittelen på Morten Søbergs essay kan få ein til å tru at det er eit eige lys over det nynorske skriftlivet eller den nynorske skriftkulturen. Eit overlys, kanskje, noko som held mørket borte og skin på ein eigen og eigenarta måte. Nokre slike tydingar finn ein i dei mange essaya som i sum utgjer essayet Nynorskens lys, men det essayet først og sist prøver på, er å halde nynorsken opp mot alle lys for å sjå sjølve «vassmerket» i det som er nynorsk. Søberg er ein reflektert, lærd skrivar.
Han rører seg heile tida mellom det personlege og det som nesten blir privat, mellom eigne hugskott og innfall og nedslag i ein skriftkultur som han finn å vere «prega av motstand og motstraum, politikk og, no og då, essayistikk». Vi veit at orda dei har skrive til oss, kan «glima som i soli dogg», og Søberg utforskar i rykk og sprang ein nynorsk skrifttradisjon full av ordtak, munnhell, innlån, sitat og tilvisingar.
Men han veit òg at mange parallellar og «prov» han finn på kva som kjenneteiknar nynorsk skriftpraksis, er omtrentlege, og at ein må vere litt av ein «selot» (fanatikar) for ikkje å frykte at det går med nynorsken slik som med norrønt på Hebridane (der skrivaren er for å kjøpe seg ei Harris Tweed-jakke): «Ein atonal svanesong avløyst av inkje anna enn etymologi og språkleg dvergmål.»
Tydeleg røyst
Éin stad samanliknar Søberg Vinjes berømte essay om Schweigaard med artikkelen om same mann i Norsk Allkunnebok, og han får slik fram grunnleggjande kjenneteikn på sjangeren han sjølv skriv i: «Essay er det ’eg’ som skriv. Skrivaren er klårare, medvite subjektiv og – i Vinjes meisterlege tilfelle – ein fødselshjelpar med tanke på lesarens eiga tenking.»
Det er aldri tvil i Søbergs bok om kven som skriv, og det er alltid tydeleg kva som dreg han i den eine og andre retninga, både til ulike skriftstykke, dokument, menneske og stader. For det synest også å vere eit grunndrag ved essayet at ein flyttar seg frå stad til stad, og på den måten blir tankane ramma inn på skiftande måtar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.