Teater
Nyklassikar i full mundur
Brannfakkelen frå 90-talet har nokre falma hjørne, men Engler i Amerika har framleis brodd.
Terje Strømdahl som Roy Cohn utleverer kynismen og undergangsdrifta hans så det grøssar i oss, skriv Bent Kvalvik.
Foto: Nationaltheatret
Det enorme dramaeposet Engler i Amerika, som varer i om lag åtte timar når det vert spela i eitt, var som ein magisk cocktail av realisme og fantasi da vi såg det for 25 år sidan, og det rørte ved ting «alle» var opptekne av: aidsepidemien i relieff mot politiske og religiøse strøymingar i tida. Mykje av problemstillingane er like aktuelle i dag, sjølv om det er på bakgrunn av andre verdssituasjonar og anna politisk klima. Stykket har ein del referansar som verkar meir daterte no enn den gongen, men det er framleis både engasjerande og spektakulært.
Aids
Grunnhistoria handlar altså om tre unge homofile menn i USA på 80-talet. Det er kjærasteparet Louis og Prior, Louis den politisk radikale og Prior den religiøse, som har fått aids, og det er den unge skaphomsen Joseph, som er mormonar, lever i ekteskap med ei ulukkeleg kvinne og har ein oppegåande juristkarriere å tenkje på. Endatil er han kronprinsen til den frykta stjerneadvokaten Roy Cohn (ein autentisk person som døydde av aids i 1986). Ettersom lagnadene til desse personane kryssar klinger, og scener med tradisjonell episk handling vekslar med drøyme- og hallusinasjonssekvensar, vert vi viljelaust medrivne, opprørte og hjartesåre av alle tilfella av fåfengd kjærleik, av svik, løgn, råskap og brått og, heldigvis, nydeleg vennskap.
Trass i alle kreative feberdraumar og svevande englar og skodespelarar som hoppar inn og ut av ulike roller med suveren eleganse, er det sjølvsagt dei realistiske karakterane som engasjerer oss mest. Hermann Sabado som den sjuke Prior Walter har personleg kraft og varme som ein glødande kopartråd gjennom heile stykket. Nils Petter Molvik som Joseph syner ein erkjenningsprosess som mest er fysisk smertefull å følgje, og Bartek Kaminski som den høgemosjonelle Louis er praktfull. Som Josephs desperate kone Harper er òg Hanne Skille Reitan storarta. Og Terje Strømdahl som Roy Cohn utleverer kynismen og undergangsdrifta til dette mennesket så det grøssar i oss. Skarpt og appellerande i biletet står òg Ågot Sendstad som Josephs kalde mor, Trine Wiggen som den nøkternt vennlege Søster Ella og Modou Bah som Belize, ein kjernekar av ein sjukepleiar og venn.
Karikert slagside
At mange av skodespelarane speler fleire roller, er ikkje noko problem, det ligg truleg allereie i originalmanuset at så skal vere. Men i Marit Moum Aunes elles så finstemte regi vert det distraherande at kvinner speler mannlege biroller. Det gjer mange av dei djupt alvorlege scenene ei karikert slagside vi ikkje treng. Og morosamt er det ikkje. Elles er det berre gode ting å seie om den visuelle sida av framsyninga, og om Bård Lie Thorbjørnsens vakkert monumentale scenografi.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.