Nye Nangijala

Virtuelle venskap er ikkje å forakte.

Publisert

I slutten av januar månad publiserte NRK saka om Mats «Ibelin» Steen, som raskt vart mellom dei mest leste i nettstaden si historie. Først då muskelsjuke Mats gjekk bort, 28 år gammal, forstod foreldra kor verdifullt gaming hadde vore for han.

«It’s not a screen, it’s a gateway to wherever your heart desires», skreiv Mats i bloggen sin. Ungdomsromanen Ellers er jeg ikke noe menneske har ein liknande bodskap.

Mathilde går i niande klasse og bur aleine saman med mor si. Ho vert utsett for grov mobbing og vald på skulen, og held seg mykje på rommet sitt saman med Xiu. Han er bestevenen hennar i den virtuelle spelverda. Skulder ved skulder kjempar dei mot dødsskvadronar i heroiske slag.

Klasserommet er også ei krigssone for Mathilde, men her er ho heilt aleine.

Forteljinga vekslar mellom dei to ulike tilværa. Lirhus syner kor verdifull venskapen mellom avatarar kan vere, særleg for den som er venelaus i den verkelege verda.

Romanen har nokre svakare sider. Underlege skifte mellom fortid og notid uroar lesaropplevinga, og dei dramatiske tildragingane er til dels føreseielege.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement