Musikk
Nye klangar
Höör Barocks Vivaldi-tolkingar held eit høgt nivå.
Det svenske barokkensemblet Höör Barock.
Venetianaren Antonio Vivaldis (1678–1741) konsertar, som han komponerte over 500 av, sluttar aldri å fascinera. Med sine tre satsar (snøgg–langsam–snøgg) er denne verktypen så formalt standardisert at han tilsynelatande tillèt lite variasjon. Likevel klarer Vivaldi alltid å fylla formatet med nye klangar og uventa melodisk-harmoniske vendingar som vekslar mellom høgstil (det akademisk korrekte), det dramatiske (det operaaktige) og rustikk lågstil (med landlege dansemelodiar).
Mest halvparten av solokonsertane hans er for fiolin, som han sjølv var virtuos på. Men han skreiv også for ei rekkje andre instrument, og i den briljante måten han greier å utnytta dei særeigne kvalitetane til dei ulike instrumenta på, er nok berre tyskaren Telemann ein verkeleg konkurrent.
Tre solistar
På den femte plata til Höör Barock, ensemblet frå den vesle byen Höör i Sør-Sverige, får me eit skjønsamt utval av Vivaldis konsertar. Solistpartia blir spelte av blokkfløytisten Emelie Roos, fiolinisten Hanna Tibell og mandolinisten Dohyo Sol. Både dei og ensemblet held eit gjennomgåande høgt nivå.
Den tidlege fiolinkonserten i D-dur, RV 230 (spor 7–9), er vel den mest «akademiske», for Vivaldi fylgjer her langt på veg førebileta Corelli og Albinoni: Orkesteret kjem med eit kort og markant forspel som solofiolinen så spinn vidare på, i ei jamn veksling mellom tuttiparti (der alle spelar saman) og soloepisodar (der solisten hevdar seg). Tibell framfører stykket med jamn, fyldig klang i dei snøgge partia.
Den noko yngre fiolinkonserten i G-dur, RV 301 (spor 19–21) har meir dramatikk; det er som om den sprelske solofiolinen tek mindre omsyn til det orkesterforspelet dikterer. Artikulasjonen til Tibell i dei snøgge tiradane og akkordbrytingane kunne her med fordel vore meir varierte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.