Musikk
Nye eventyr i hi-fi
Big Thiefs nye plate viser fram eit allsidig band, stadig på leit etter seg sjølv.
Big Thief er Adrianne Lenker, Max Oleartchik (t.v.), Buck Meek og James Krivchenia.
Pressefoto
Då Adrianne Lenker – låtskrivar, vokalist og gitarist i Big Thief – først spelte «Spud Infinity» for bandtrommis James Krivchenia, som har produsert det ferske albumet til gruppa, hadde ho ikkje noka tru på songen. Enderima verka trivielle, og går det eigentleg an å ha med eit ord som «kvitløksbrød» i ein song?
Krivchenia såg annleis på det. Låten fekk han rett og slett til å felle nokre tårer. Dermed vart det til at «Spud Infinity» likevel fekk plass på dobbeltalbumet Dragon New Warm Mountain I Believe In You, saman med 19 andre nye komposisjonar.
Breidde
Anekdoten, som dukkar opp i ei sak om Big Thief i musikkbladet Rolling Stone, fortel eitt og anna om korleis bandet har tenkt i arbeidet med plata som er ute i dag, 11. februar. Lenker, Krivchenia, Max Oleartchik (bass) og Buck Meek (gitar) ønskte at utgivinga skulle reflektere den musikalske breidda deira og nye impulsar som gjer seg gjeldande i ei omskifteleg tid.
«Spud Infinity» er spelt inn i Tucson i Arizona, der dei fekk med Mat Davidson (Twain) på fele og vokal, og viser Big Thief frå ei lett og rootsy side. Men Dragon New Warm Mountain I Believe In You er laga tre stader til, med ulike folk med på produksjonssida, i økter nord i delstaten New York, i Topanga Canyon i California og i Rocky Mountains i Colorado. Opptaka frå desse stundene teiknar eit bilete av eit band som både orienterer seg i ulike retningar og er ope for kontinuerleg endring.
Frå eit materiale på 45 songar valde dei ut 20, på ei utgiving som dermed framstår som ein redigert dokumentasjon over ein bestemt epoke for bandet (som platedebuterte i 2016), der dei utforskar kva dei er, og kva dei kan vere. På den måten minner plata meg litt om det omfangsrike albumet R.E.M. i si tid laga på turné, New Adventures in Hi-Fi (1996).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.