Musikk

Ny tid

Ino-kantaten syner oldingen Telemann på sitt mest progressive.

Den tyske sopranen Christina Landshamer.
Den tyske sopranen Christina Landshamer.
Publisert

Georg Philipp Telemann (1681–1767) må vera ein av historias mest fleksible tonekunstnarar. Når det gjeld den stilistiske utviklinga hans, er kontrasten til den mest jamaldrande kollegaen J.S. Bach slåande. Medan Bach mot slutten av livet på mest esoterisk vis vigde seg til arkaisk-kontrapunktiske former, synte Telemann seg til siste stund open for nye musikalske og litterære impulsar. Eit av dei mest innovative meisterverka hans blei til så seint som i 1766, året før han døydde 86 år gamal: Den verdslege kantaten Ino, med libretto av den 44 år yngre poeten Karl Wilhelm Ramler.

Tonespråket er ikkje lenger barokt, men nesten wienerklassisk, for det har den harmonisk lette og drivande melodiøse dramatikken me kjenner frå dei tidlege verka til J. Haydn og W.A. Mozart. Mest nyskapande er den virtuose sluttarien «Tönt in meinem Lobgesang» (Bli med i lovsongen min, spor 18). Er det berre eg som her får assosiasjonar til Nattas dronning-arien «Der Hölle Rache» frå Mozarts Tryllefløyta?

Desperate Ino

Akademie für Alte Musik Berlin gjev oss no ei suveren innspeling av denne solokantaten, der den tyske operasopranen Christina Landshamer er solist. Samspelet mellom songar og orkester er lytelaust, og den aggressive nervøsiteten Landshamer uttrykkjer i dei orkesterakkompagnerte resitativa, kunne ikkje vore betre.

Ramlers libretto er ikkje dramatisk i tydinga at her er så mykje handling. Teksten er ein monolog som framstiller Inos desperasjon idet ho er i ferd med å kasta seg frå ei klippe. I gresk mytologi er ho gift med kong Athamas og fostermor til den unge guden Dionysos, sonen til Zevs og Inos syster Semele. Kongen blir galen på kona si. Han jagar Ino, som hoppar i havet med den vesle sonen Melikertes på armen.

Dei mange motstridande kjenslene hennar gav Telemann høve til å skapa eit uvanleg uttrykksfullt partitur, der instrumenteringa – med oppkava valthorn og såre, klagande tverrfløyter – er rik på avvekslingar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement