Musikk
Ny polyfoni
Engegårdkvartetten spelar Johan Kvandals botnsolide strykekvartettar.
Komponisten Johan Kvandal (1919–1999) fotografert i Hamburg i 1974.
Foto: Privat
«Det kan i dag ikkje herska tvil om at framtida til musikken ligg i ein ny polyfoni, der ein freistar å ta vare på dei moglegheitene som fortida har avla.» Dette skreiv den 26 år gamle komponisten Johan Kvandal i artikkelen «Zukunftswege norwegischer Musik» – «Framtidsvegar til norsk musikk». Teksten, som sto på prent på tysk i Deutsche Monatshefte in Norwegen i mars 1945, tek opp nye tendensar i europeisk kunstmusikk og drøftar korleis norske komponistar skal reagera på dei. Framtida ligg, slik forfattaren ser det, i ein ny og strengare stil tufta på klassiske former og kontrapunkt, altså stykke der fleire sjølvstendige, lineært førte melodistemmer blir fletta saman til ein kompositorisk einskap. Estetikken Kvandal her skisserer, er neoklassisk. Han etterlyser ny objektivitet og klåre i kunstmusikken.
Radikalt arkaisk
Året etter at artikkelen sto på prent, i 1946, komponerte Kvandal ein Fuge for strykekvartett som fylgjer denne estetikken til fulle. Stykket, som opnar Engegårdkvartettens album Complete String Quartets, er radikalt arkaisk (det er vel ikkje berre eg som her får assosiasjonar til J. S. Bachs fugesamling Die Kunst der Fuge). Musikarane formar det lyriske fugetemaet fint, særleg dei mange musikalske «sukka», og einskildstemmene har naturleg og organisk frasering.
Kvandal, son til komponisten David Monrad Johansen (1888–1974), sprang ut or ein nasjonal musikktradisjon, der folkemusikk og norskdom stod sterkt, men var òg innom mange ulike straumdrag i kunstmusikken i løpet av komponistkarrieren. Fuge for strykekvartett er eit kuriosum utan opusnummer; det blir ikkje feil å kalla han ein stilhistorisk komposisjonsstudie. Dei tre «skikkelege» strykekvartettane på plata er derimot fullskala kammermusikkverk.
Tre kvartettar
Strykekvartett nr. 1, op. 11, er også frå 1946. Dette er den mest neoklassiske av kvartettane og har eit mildt og tidvis skjemtande tonespråk, med klåre former. Strykekvartettane til wienerklassikaren J. Haydn har nok her tent Kvandal som formalt førebilete. Han studerte sjølv komposisjon i Wien under andre verdskrigen, der han tileigna seg eit grundig musikalsk handverk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.