Musikk

Ny ham

Gasselin og Alessandrini gjev oss Bach i brigda form.

Den franske viola da gamba-spelaren Salomé Gasselin. Foto: Laurent Bugnet
Publisert Sist oppdatert

Forskarar og musikar har i nærare to hundre år saumfare alt som finst av arkiv, på jakt etter komposisjonar av Johann Sebastian Bach (1685–1750), så tida då ein kunne augna håp om å oppdaga «nye» Bach-verk, er nok over. Å bidra med noko nytt i Bach-samanheng er difor ei utfordring for musikarane.

Éi løysing går ut på å omskriva musikken hans til andre instrument og besetningar enn den han opphaveleg var tiltenkt. Franske Salomé Gasselin har gjort dette for eit ensemble av viola da gambaer, barokke strykeinstrument i ulike storleikar som blir spelte vertikalt, som celloar. Italienaren Rinaldo Alessandrini, derimot, har valt å arrangera ymse klaververk for barokktidas orkester.

Omarbeidingane læt for det meste overtydande. Den strukturelle kvaliteten i Bachs musikk er jo så kompositorisk substansiell at han vanskeleg lèt seg øydeleggja. Nøkkelen ligg i det idiomatiske, i det å tilpassa han teknisk til instrument han eigentleg ikkje er tiltenkt. Dette er ei utfordring der ein må balansera klokt mellom respekt for verket på den eine sida og kapasiteten til instrumenta på den andre.

Kroppsleg

Gasselins album Mystères byrjar med det tredelte Pièce d’Orgue, BWV 572, der ho spelar den rapsodiske fyrste delen med gambe åleine, den harmonisk metta og roleg skridande andre delen med fullt gambeensemble, medan melodien i den livfulle tredje delen blir overlaten til organistens høgrehand. Trass i Gasselins noko vilkårlege bruk av musikalske aksentar, fungerer dette svært bra. Det er noko beint fram kroppsleg over spenninga i forventinga som byggjer seg opp før heile gambeensemblet kjem inn i del to.

Fin er også transkripsjonen hennar av Cellosuite nr. 2 i d-moll, BWV 1008. Akkordane, særleg i «Allemande»- og «Menuett»-satsen, læt faktisk meir finsleg på gambe enn på cello. Det kling framifrå idiomatisk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement