Ny bok, same moro
Illustrasjon: Vegard Markhus
Vegard Markhus er tilbake med ein ny, lauslemma karakter. Mange vil hugse Timothy som mista seg sjølv frå nokre år tilbake. Forteljinga om Robert er bygd over same lest: «Av og til føler Robert at det er noko som manglar. At alle andre har det betre enn han. At alle andre har noko som han ikkje har.»
Typisk tristesse for eit moderne kvardagsmenneske? Boka blir komisk når biletet viser det teksten ikkje nemner: Robert manglar hovud. Difor ser han ikkje den blå himmelen, difor høyrer han ikkje fuglane synge. Snart får han også meir konkrete problem, som ungane vil fryde seg over. Stikkord: tiss og snørr.
I denne typen absurd komikk og surrealistisk leik med konkrete tolkingar av uttrykk og seiemåtar får biletboka verkeleg boltra seg. Robert veit berre det som står i teksten, lesaren ser alt som skjer i biletet. Boka og barnet er på same lag, dei veit noko som dei andre i forteljinga ikkje veit. Det er som om Markhus tek lesaren sin i handa, ler og peikar: «Sjå!»
Både i språk, strek og stil har boka eit barnleg preg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.