Bok
Notat om det forbigåande og nære
Øystein Hauge har skapt sin eigen stil der han dyrkar kortdiktet.
Øystein Hauge er forfattar og poet, busett i Hustadvika i Romsdal.
Foto via Wikimedia Commons
Det er dei som meiner at tjukke diktbøker er ein anomali, ei utarting. Men kvantum er no heller ikkje ein god måte å måla litterær kvalitet på, sjølv om Øystein Hauge har fleska til med ei diktsamling på over tre hundre sider.
Om boka er omfattande, dyrkar Hauge faktisk kortdiktet i Passasjernotat. Så vidt eg har registrert, er her ikkje dikt på meir enn tre liner, og opplegget ligg såleis nær den japanske haikuforma. Eit døme: «(hustadvika morgonen etter viking sky)/ eg sit og ser inn i det frådande vatnet bak/ det vesle vindauget i vannkokaren».
Her kan vi tydeleg sjå dei særlege utfordringane med kortforma. Ho er knapp og fortetta og fordrar maksimal konsentrasjon, men skal òg helst peika ut over kvardagen med eit overraskande poeng og ny innsikt.
Refleksjon
Eg tykkjer Hauge lukkast med det her, for med dette grepet vert diktet lyft ut over det altfor nære og altfor lune. Ein god haiku skal gjerne ruska opp i vanetenkinga vår, og få oss til å reflektera vidare. No er ikkje dikta i Passasjernotat ekte haiku, for Hauge følgjer ikkje dei strenge krava til talet på stavingar i kvar line.
Som eit apropos kan eg sitera ein forvitneleg haiku av japanaren Basho, sjølve meisteren innan sjangeren (henta frå The Penguin Book of Japanese Verse): «Still baking down –/ The sun, not regarding/ The wind of autumn».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.