Musikk

Norsk-svensk kontrapunkt

Den andre plata til trioen Mojna inneheld nykomponert og detaljrik folkemusikk.

Tuva Færden, Thomas Fredriksson og Anna Malmström spelar folkemusikk inspirert av klassisk musikk.
Publisert

I 1984 laga Kirsten Bråten Berg og Gunnar Stubseid ei plate saman med svenske folkemusikarar som fekk tittelen Setes-Dalarna. Den gongen var samarbeid over landegrensene noko nytt og forfriskande, men i vår tid har det blitt ganske vanleg.

Særleg yngre norske folkemusikarar er ofte påverka av musikken frå grannelandet. 

Og medan norsk tradisjonell folkemusikk oftast har vore solistisk, har samspel vore mykje meir utbreidd i Sverige – noko mange har funne inspirerande.

All musikken på plata er komponert av Thomas Fredriksson, og arrangert av trioen. 

Likevel er dette gjort i ein stil som gjer at ein straks tykkjer det kling som ein slags nordisk folkemusikk. Men det som skil Mojna frå dei mange tilsvarande gruppene, er inspirasjonen frå klassisk musikk.

Ein utbreidd bruk av kontrapunkt (stemmer som likeverdig kryssar kvarandre, gjerne i ulike rytmemønster) er ikkje den mest brukte teknikken innan den moderne folkemusikken. Men her fungerer det svært godt, og det medfører ein detaljrikdom som gjer at ein oppdagar noko nytt kvar gong ein lyder til musikken.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement