Film
Nordlys og kinomørke
Sjølv om turistane har overteke gatene i Tromsø, har dei heldigvis ikkje oppdaga filmfestivalen – enno.
Kombinasjonen av Romeo og Julie-drama og eit skikkeleg driv trass dvelande, nydeleg foto gjer Wrong Husband til ei stor kinooppleving, skriv Brit Aksnes.
Foto: IMDb
Det er høgsesong for nordlysturismen i Nord-Noreg, men Tromsø internasjonale filmfestival (Tiff) trassar sprengde hotell med ditto sprengde prisar og har halde det gåande sidan 1991. På programmet dette fyrste året stod Aki Kaurismäkis I Hired a Contract Killer og Shohei Imamuras Svart regn, Bel Canto spelte på opningsseremonien, og Filmkritikarlaget hadde i oppgåve å trekka fram gløymde perler frå åttitalet.
Tilbakeblikk er ofte nyttig for å kunna sjå framover, men for tida er det ikkje godt å seia kva ein skal sjå på for å bli klokare. Eg startar med ein film der handlinga er lagd ca. 4000 år tilbake i tid – det var tider, det.
Inuktitut
Ein av fleire ting filmfestivalen er god på, er å gjera plass for filmar om, av og med urfolk, sjølvsagt samisk film, men det er også omtrent einaste gongen i året eg ser inuittfilm. Då er gjerne Canada eit føregangsland, og regissør Zacharias Kunuk var den fyrste som laga filmar fullt ut på språket inuktitut, Atanarjuat – han som løper (2001).
One Day in the Life of Noah Piugattuk (2019) var opningsfilm på Tiff i 2020, og årets Wrong Husband (Uiksaringitara) vann pris på den andre Tiff-en, Toronto International Film Festival. Filmen har noko eventyrleg og spirituelt over seg, eigentleg ikkje stikkord som pleier funka på meg, men kombinasjonen med Romeo og Julie-drama og eit skikkeleg driv trass dvelande, nydeleg foto gjer filmen til ei stor kinooppleving.
Meänkieli
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.