Bok
Noko er rote på Nordkalotten
Ann-Helén Laestadius skriv om bitre etniske konfliktar.
Ann-Helén Laestadius er forfattar og journalist, frå Kiruna i Sverige.
Foto: Thron Ullberg
Laestadius har tidlegare skrive barne- og ungdomsbøker. Det er kanskje barneportretta som er det aller sterkaste kortet også i Stjålet, den første vaksenromanen hennar. Forfattaren har elles ei sikker hand om spenningsoppbygging og personkarakteristikkar, i ei bok med eskalerte konfliktar og ein dramatisk nerve som gjer at ho stundom tenderer mot krimsjangeren.
For «søringar» som meg er det opplysande og interessant å få innblikk i dei sterke motsetnadene mellom ulike etniske grupper på Nordkalotten. Akkurat denne historia byggjer visst delvis på verkelege hendingar i Nord-Sverige, men ein finn den same uroa mellom folkeslaga over heile Sápmi.
Eit øyre i snøen
Vi møter hovudperson Elsa då ho er ni år. I ei sterk opningsscene ser ho reinkalven sin bli drepen av ein mann frå nabobygda som nærast har det som tidsfordriv å mishandle og drepe rein frå Elsas familie og andre reineigarar. Ho finn det vesle øyret etter den elska kalven og tar vare på det, men tør ikkje fortelje nokon om kva ho har sett. Straks er lesaren kasta inn i det nesten krigsliknande tilhøvet mellom svenskar (og finnar) og samar. Det handlar om tilgang til beiteland og naturområde, men òg om fordommar og nedervd mistru. Hatet går som ein blodig tråd gjennom generasjonane, det går på livet laus. Noko av det både tristaste og bitraste kjenner ein att frå overalt i verda der det finst etnisk uro: at også små barn blir opplærte til å halde hatet varmt og føre det vidare.
Foreldra melder reindrapet til politiet, dei har gjort det same etter slike brotsverk bokstaveleg tala hundre gonger før. Dei veit kven som drep reinsdyra, dei kan leggje fram bevis. Politiet har likevel alltid noko meir presserande føre. Sviket frå storsamfunnet gjer dei bitrare og bitrare år for år.
Samane har fått lovfesta mange rettar i dei skandinaviske landa. Dei står likevel makteslause når store delar av lokalbefolkninga manglar respekt for den eldgamle kulturen deira og tar seg til rette utan at det får juridiske følgjer. Særleg for unge menn blir maktesløysa så stor at sjølvmord blir utgangen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.