Nøden på Oslo SEirik Svenssons nye ungdomsfilm byr på spennande, gripande og glitrande skodespel.Drama / Ungdom
Eirik Svenssons nye ungdomsfilm byr på spennande, gripande og glitrande skodespel.
Barnevernet pålegg Vilde (Ines Høysæter Asserson) å ta kontakt med faren (NIcolai Cleve Broch) etter at mora døyr.
Foto: Maipo Film
Det er vesle julaftan, og 15-årige Vilde (Asserson) tek toget inn til sentrum for å henga med scenegjengen sin på Oslo S. Då barnevernet får tak i henne eit par timar seinare, fortel dei at mora har teke livet av seg. Ho vert nøydd å kontakta faren (Broch), som ho knapt har hatt kontakt med sidan ho vart fødd.
I frykt for å hamna i fosterheim flyktar Vilde og prøver å koma seg til målet for alle sine fantasiar, bydelen Harajuku i Tokyo.
Ungdomsfilmmakarane
Det har gått fire år sidan regissør Eirik Svensson kom med debutspelefilmen Natt til 17., ein film som tok for seg tenåringsungdom i Oslo sentrum.
Denne gongen har han skifta høgtid frå 17. mai til den særs sårbare juletida. Igjen er det 15-åringar som driv handlinga fram, og igjen har han funne nokre perler av unge skodespelarar.
Eg har ofte problem med å svelgje ungdomsfilmar, sidan eg som oftast endar med å ikkje tru på verken det som skjer, korleis dei oppfører seg, eller at dei kan vera så uendeleg tverre og gjera så mykje som ikkje gagnar dei sjølve eller menneska rundt dei. At Harajuku fungerer så bra trass i at han har alle desse elementa, kjem i stor grad av ein verkeleg godt dialog
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.