Nitrist nihilismeSlapp film frå USA er korkje morosam eller skummel.SKREKKFILM/SVART KOMEDIERegi: Tyler MacIntyre

Slapp slasherfilm frå USA er korkje morosam eller skummel.

Filmen om jentene som fangar ein massemordar, er ikkje verd pengane.
Filmen om jentene som fangar ein massemordar, er ikkje verd pengane.
Publisert

Sadie (Hildebrand) og McKayla (Shipp) bur i ein søvnig by i Midtvesten der ein massemordar går laus. Jentene fangar fyren i løynd og vil skape seg eit namn på sosiale medium med å våge å ta debatten. Dei går over lik for å få flest mogeleg følgjarar. Frå første scene veit vi at det vil bli blod i rik mon.

Sjangersatire

Det haglar eksplisitte peik til skrekkfilmar frå Motorsagmassakren til Final Destination. Litt sjølvironi i at USAs ungdom ikkje har høyrt om eller kan uttale namn som Dario Argento, er ikkje dumt. Vaksne som ikkje lyttar til ungdom, er òg eit greitt spark. Tragedy Girls står i tradisjonen til sjangermedvitne satiriske slasherfilmar som nyare Scream og Scary Movie.

Det kryr av kløyvde skallar og parterte kroppsdelar i kreative vinklar. Her ligg diverre det einaste estetisk ambisiøse i filmen. Alle skodespelarane ligg i landskapet mellom parodisk og preglaus. Dei vekkjer ingen kjensler.

Asosiale medium

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement