– Nei til tilsvarsrett og faktasjekkVinjar samfunnshus, fredag 6. april«Det finst ingenting i diktinga til Vinje som tilseier institusjonalisering.» «Er han lagd inn i ein institusjon, må vi dra han ut att.» «Nei, gje Vinje heller til turistforeininga, la
Olav Vesaas, Syphilia Morgenstierne, Terje Svabø, Sissel Wold og Andreas Hompland diskuterer Vinje.
Foto: Ronny Spaans
«Det finst ingenting i diktinga til Vinje som tilseier institusjonalisering.» «Er han lagd inn i ein institusjon, må vi dra han ut att.» «Nei, gje Vinje heller til turistforeininga, la dei forvalte han, for der finst det ikkje støv og mugg.»
Denne oppmodinga kom på opningsdagen for festivalen i Vinjar samfunnshus, huset som skal hyse det nye Vinjesenteret. Publikum klappa nervøst og usikkert etter talen. Er det slik vi ynskjer den nye Vinje-institusjonen velkomen? Ser vi kven orda kom ifrå, skjønar vi meir. Talaren var Syphilia Morgenstierne, anarkist frå Gateavisa og ein av dei fyrste utøvarane av nyjournalistikken i Noreg.
Vi skal ikkje ta denne oppmodinga konkret. Olav H. Hauge ville truleg protestert vilt mot skipinga av Hauge-senteret i Ulvik, men senteret er ein suksess. Morgenstiernes tankar om institusjonen lyt vi sjå i samanheng med heile talen hennar, der ho drog fram journalisten Aasmund Olavsson Vinje som eit remedium mot upersonleg samlebandsjournalistikk i det digitale medielandskapet.
Nyjournalistikk tyder forteljande journalistikk som brukar skjønnlitterære verkemiddel, men sjølv bruka Morgenstierne omgrepet gonzojournalistikk: ein journalistikk i ein svært subjektiv, skjønnlitterær stil der den skrivande set seg sjølv i midtpunktet – og der journalisten kan overdrive og utelata, så lenge det er i samsvar med det «indre kompasset» hans.
Morgenstierne nytta døme frå Dølen som illustrasjon – og i den samanhengen gjekk ho til åtak på moderne fenomen som står i vegen for god gonzo-stil: tilsvarsretten! Ho dikta opp eit kosteleg tilsvar frå bonden på Grut – mot Vinjes harselas mot grauten han fekk servert der, og viste dermed korleis innleminga i Dølen av eit slikt tilsvar, metta med føreseielege frasar, ville kollidert med kvalitetane i verket. I same slengen tok ho eit oppgjer med andre «styggedomar», som Ver varsam-plakaten, Pressens Faglige Utvalg og Faktisk.no.
Morgenstierne er retorisk, men når ho påstår at Vinje ikkje ville greidd seg i medieklimaet i dag, har ho nok rett. I ein paneldebatt etter føredraga vart ein kommentar frå Ivar Aasen om Vinje nemnd: Han skriv «paa sin sædvanlige overfladiske og skjødesløse Maneer». Aasen var sjølvsagt Vinjes trugne ven, men han kunne reagere på Vinjes skriveraptusar. På fredag vart òg Ferdaminneprisen delt ut, som Norsk Journalistlag står bak. Vinnaren var Silje Skiphamn, journalist i Drammens Tidende – og faktasjekkar i Faktisk.no.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.