Musikk

Nei, no altså har dei

Bergens svar på Frank Zappa og Knutsen og Ludvigsen speler teiknefilmmusikk på ny EP og er på sumarturné.

Det Skandaløse Orkester er eit lærd band som leikar seg og syng.
Publisert Sist oppdatert

Masters Of The Universe, som kan omsetjast til «den herre og meister som universet var sett til å tene», bergensbandet Det Skandaløse Orkesters siste plate – til no – spelar dei teikne­filmmusikk og den slags, og dertil er dei på sumarturné: 12. juli: Trollkaukfestivalen, Åndalsnes; 19. juli: Zappanale, Tyskland; 23. august: Belleville, Oslo; 30. august: Påfyll, Stavanger; 31. august: Ogna scene; 26. september: Kvarteret, Bergen. Eg såg dei på Nattjazz i Bergen.

Luddig, seier dei på bergensk. Det tyder om lag artig og kjem av spelet Ludo, som kjem av latinsk ludare, som tyder å leike. Det tyder dessutan å lære. Det Skandaløse Orkester er eit lærd band som leikar seg og syng.

Det er sikkert tretten år sidan første gong eg opplevde at Det Skandaløse Orkester var eit band, og det var den gongen i 2011 eller 2012 då eg snubla inn på Den Grønne Sykkel på Damsgård i Bergen og ikkje blei fullt så forfjamsa som vedkomande som stod med hakeslepp på sida av scenekanten og glodde på brysta til trommeslagaren Søster Pling, men mogelegvis nesten. Eg kunne nesten ikkje tru at den falske presten og frontfiguren Mats Erik Zen stod der halvnaken i prestekjortel og messa alskens skandaløs lyrikk til publikum. I det minste var det sanningar som blei presenterte som løgner i dette huset.

For han hadde hol i buksa og kan hende ingenting under. Det var uteliggaren dei kalla Svensken i røynda, og songen «Hull i Buksen» frå debutalbumet No har de laget skandale igjen!. No har orkesteret blitt eit vanvitig stort orkester med to perkusjonistar, ein trommis og blåserekke, og primus motor Sondre Jørgensen har lært seg å spele synth som ein gud.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement