Musikk

Natur og kultur

Ivar Grydeland har laga musikk som er inspirert av lys og vatn.

Ivar Grydeland byr på ein tilstandsmusikk som er god å lyda til, skriv Sigbjørn Apeland.
Publisert

Ivar Grydeland er i utgangspunktet jazzgitarist, men har i aukande grad nærma seg ei klangverd utan referansar til etablerte stilartar. Men samtidsmusikk er det definitivt – av det slaget der improvisasjon er eit sentralt verktøy, og der inspirasjon frå populærmusikk og avantgarde er likestilt.

Grydeland er tidlegare kjend frå samspel med Tonny Kluften og Ingar Zach i trioen Huntsville, og frå samarbeid med Christian Wallumrød og Hanne Hukkelberg. Dessutan har han eit professorat i improvisasjon ved Noregs musikkhøgskule.

Enkle figurar

På si tredje soloplate har han selskap av slagverkaren Michaela Anthalová på det 17 minuttar lange førstesporet, men for det meste er Grydeland åleine med sine akustiske og elektriske gitarar og elektronikk.

Av og til kjenner ein tydeleg att lyden av hand eller plekter mot strengane, og då er det gjerne svært enkle figurar som kling – til dømes eit grep som vert hengande lenge i lause lufta før det vert repetert. Men ofte er det dei elektronisk manipulerte klangflatene og omfattande bruk av ekkomaskinar («delay») som dominerer.

Langsame endringar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement