Kunst
Natur i konsentrert form
«Higurashi», japansk kvit furu, 70 cm høg.
Foto: Omiya Bonsai Art Museum, Japan
Den forblåste furua kan minne om treet som klorar seg fast på kanten av stupet i «Birk i storm», signert Johan Christian Dahl. Men dette er ei furu i miniatyr, eit bonsaitre. Medan Dahl måla verket sitt i 1849, starta foredlingsprosessen av miniatyrfurua på slutten av 1500-talet.
Bonsai er kunsten å forme ørsmå tre i ei potte. Om trea hadde vore planta i jorda på vanleg vis, ville dei vorte vanlege tre. I staden for å strekke hals for å granske eit tre som er langt større enn oss, fangar vi hele bonsaitreet med eit blikk – det vert ei naturoppleving i konsentrert form.
Eit bonsaitre er ein levande skulptur som utviklar seg gjennom tid, eit bindeledd mellom fleire generasjonar av kunstnarar som arbeider i den same tradisjonen og etter dei same estetiske prinsippa.
Det er utvikla ein heil filosofi kring bonsai. Det er eit krevjande arbeid å halde trea små, dei må pottast om, vatnast og beskjerast. Med hjelp av kopartråd vert greiene forma, litt om gongen, gjennom mange år. Treet veks og endrar seg kontinuerleg. Det er eit samspel mellom ønsket mennesket har om form, og krafta i treet. Meisteren arbeider etter korleis kvart og eit tre responderer.
Dette betydelege tidsspennet gir trea ein særeigen estetikk. «Higurashi» vert rekna for å vere det vakraste bonsaitreet i Japan og er om lag 450 år gamalt.
Higurashi er eit japansk ord for ein type sikadar som plar synge på varme sommarkveldar. Venleiken i «Higurashi» ligg i dei asymmetriske formene, måten den eine delen av stammen smyg seg langs bakken, medan den andre krøker seg oppover. Dei kvite, døde trepartia på eit bonsaitre, kalla shari, som kan omsetjast til «relikvie», vert høgt verdsette.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.