Musikk

Nashville, Grünerløkka

Endeleg ein som faktisk har svaret på kva som skjer når ein spelar country baklengs.
 

Bandet elskar solbriller. Ole Kirkeng er han med Stetson.
Publisert Sist oppdatert

Country er for lengst den nye popen. Eller i alle høve den nye populærmusikken. Det er ikkje berre fordi Taylor Swift, for det som kjennest som ei æve sidan, gjekk frå å spele inn platene sine i Nashville til å nytte same produsent som gjorde Britney Spears og Backstreet Boys store, og vart den mest spelte artisten i Noreg i fjor. Som året før, og året før der.

På andreplassen i fjor finn me Tobias Sten frå Stord. 22-åringen har fire av dei ti mest populære norske låtane i 2025 og spelar ifølgje plateselskapet country. Skal ein stole på stilvala til Sten, tyder country gitarmusikk med nokre innslag av steelgitar. Framført av ein kar med stetsonhatt, bart og songar, som han sjølv har sagt, som passar til urnenedsetjing.

Tilbakelent morosamt

Sjølv om han har langt frå like solid overleppehår som Tobias Sten, har Ole Kirkeng ei litt anna forståing av country. 31-åringen starta karrieren med ein Spellemann for fyrste EP, følgde opp med eit solid debutalbum og turnerte med Courtney Marie Andrews, som han nærmar seg på andrealbumet.

Cowboy Lie Detector Machine er noko så unikt som musikk med stetsonhatt som ikkje skal få tårene til å trille, men lyttaren til å le, kanskje til og med ganske høgt. Om du ler så tårene trillar, er det greitt, det òg, og heilt ufarleg.

Teksten på opningslåten «Bare Minimum», skriven frå perspektivet til ein mann som ikkje akkurat gjer så godt han kan, er i alle fall noko av det meir tilbakelent morosame eg har høyrt i musikk på ei god stund. Ein mellomting mellom deLillos-songen «Finnes det en kvinne» og Karl Ove Knausgård-narsissisten Kristian Hadeland i Nattskolen. Musikkvideoen, der Kirkeng og band dansar ganske middels rundt på Grünerløkka i Oslo mot videobilete av hestar på prærien, er like nydeleg teit og smart på same tid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement