Teater
Narkolepsi på full speed
Skodespelarane løfter det flyktige draumespelet meir enn teksten.
Silje Lundblad (t.v.) spelar Eg (liknar på Ho) og Kaia Varjord spelar Ho (liknar på Eg) i det nye stykket til Mari Hesjedal.
Foto: Magnus Skrede
Eit av dei ytst få stykka Det Norske Teatret har hatt høve til å spele i magre streiketider, er ein fabulerande tekst av den unge dramatikaren Mari Hesjedal. Ho har levert ein del verkstadsdramatikk før, men dette er første runden hennar inne i varmen, i institusjonsteateret.
Ulike medvitsnivå
Stykket er regissert av ein framgangsrik ung filmregissør som her debuterer med det første teaterarbeidet. I utgangspunktet er det spennande med historier som rører seg mellom ulike medvitsnivå; her veit vi ofte ikkje om det er ei røynd eller berre ein draum som vert skildra. Men ein slik sjanger treng òg ei slags framdrift, som dei fleste sjangrar.
Den kvinnelege hovudpersonen i Sov ikkje har på merkeleg vis mista venninna/sambuaren. Er ho død, drepen, berre forsvunnen – eller er ho berre ei alter ego? Er dei to hypervitale unge mennene rundt henne vanlege politifolk som avhøyrer henne, eller berre skremslefigurar inni hovudet hennar? Handlinga i stykket er heller ikkje openbert lineær, så når det sluttar, veit vi ikkje heilt om det er slutten eller den eigentlege byrjinga vi no har sett.
Monotoni
Strukturen i denne teaterhendinga er som nemnt slett ikkje uinteressant, men trass i den korte speletida på éin time fell etter kvart overraskingane over i monotoni.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.