Når verda fell frå kvarandre

Sharon Van Ettens IAre We ThereI er ei intens, ugløymeleg lytteoppleving.

Publisert Sist oppdatert

ROCK

Sharon Van Etten:

Are We There

Jagjaguwar/Playground

Det er nett når ein verkeleg har fått noko stort i hendene at ein famlar etter dei rette orda og endar opp med hyperbolar, har eg tenkt dei siste dagane, når eg har lytta til Sharon Van Ettens nye plate. Så lat meg heller prøve ein omveg inn til song-ane på Are We There.

I boka The Body in Pain (1985) skildrar den amerikanske forskaren Elaine Scarry korleis fysisk smerte etterlèt mennesket taust. Dette plasserer valdsofferet i ein særeigen isolasjon. Overgriparen påfører nemleg offeret sitt ei liding som det er vanskeleg å finne tilsvar til i ord. Når det sansande mennesket bryt saman, fell også verda frå kvarandre, fordi sjølve erfaringa vert umogleg å kommunisere med medmenneske.Det er dette som gjer det traumatiske minnet om valden så skjørt. For valdsofferet kan gjerningane truge med å opphøyre å eksistere, med å forvitre i eit lukka rom. I ein slik situasjon kan menneskeleg skaparkraft utføre eit etisk arbeid, skriv Scarry. Vi kan verken dele eller forstå andre si smerte – men vi kan prøve å førestelle oss noko om denne.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement