Bok
    Når uønskte dører opnar seg
    Karl Ove Knausgårds storstilte metafysiske prosjekt er vidfamnande og utmattande.
 
    
    
        Karl Ove Knausgård då han tok imot Aschehougprisen på hagefesten til forlaget 28. august i år.
        Foto: Terje Pedersen / NTB
    
        
 
                        
                        
                        
                        
                        
    
    
    Gjennom seks omfangsrike band har Karl Ove Knausgård skrive fram eit episk verk med ein vrimmel av handlingstrådar som strekkjer seg til mange land og mange tider – og med eit vell av både opne og skjulte referansar til Bibelen, vitskapsteori og mystikk.
I sentrum for alt saman står denne uhøyrde hendinga, den uforklarlege nye stjerna som brått ein dag viser seg på himmelen og så forsvinn att. Alt frå første bok har det hefta mykje uhygge ved stjerna og hendingar som blir sette i samanheng med henne: Naturen oppfører seg uføreseieleg, og verre: Grensa mellom livet og døden, dei levande og dei døde, blir uklår og er no i ferd med å forsvinne heilt.
Også i den førre romanen, Arendal, var det draumeaktige møte med døde, men boka var kortfatta og konsentrert både i og om handling. I Jeg var lenge død breier forfattaren seg utover i filosofiske og religiøse grubleri. Romanen er tett innpå 500 sider og famnar vidt i teoretisk innhald. Det hjelper at forteljarperspektivet ligg fast hos éin, nemleg Joar Løyning, yngste son av Syvert Løyning den eldre, hovudpersonen i Arendal.
Bror til Joar heiter også Syvert, og desse to brørne har romanserien følgt frå barndomen av. Dei som las bok nummer to, Ulvene fra evighetens skog, hugsar kanskje barndommen til Joar. Der møtte vi han som ein kjenslevar og nerdete gutunge. No blir vi kjende med den vaksne Joar, innanfrå.
Kvar er dei døde
Joar er astrofysikar og jobbar ved Universitetet i Oslo. Frå tidlegare av har vi fått vite at når den spesielle stjerna viser seg på himmelen, blir Joar den media vender seg mot for å få ekspertfråsegner. Dette skjer litt uti denne nye boka. Joar er utprega cerebralt orientert, foraktar det kroppslege og har ei nokså nihilistisk innstilling til eksistensen.
    
                        
    
        
                    
            
                
Digital tilgang – heilt utan binding
                Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.