Bok

Når skuta søkk

Agnes Ravatn har skrive eit nytt klaustrofobisk kammerspel i eit maritimt miljø.

Agnes Ravatn kjem no med sin femte roman.
Publisert Sist oppdatert

For tre år sidan kom Agnes Ravatn med romanen Gjestene. Doggerland har mykje likt i form og setting, båe har form som klaustrofobiske kammerspel som går føre seg på ein forblåst plass i havgapet. Stil og karakterteikning ligg og vippar mellom det seriøse og det satiriske. Eit spenningsdrive plot blir tatt i bruk for å tematisere ålmenne psykologiske og meir dagsaktuelle fenomen.

Årets utgiving har meir tyngde enn Gjestene, som eg las som rein satire. Likevel strevar også årets utgiving med at ironien slår litt beina under djupna og svekkjer kjensla av alvor og substans.

Generasjonsoppgjer

Handlinga skjer i løpet av eit par fortetta døgn i selskap med familien som driv forlaget Høst. Med den mektige Myrna ved roret har dei hatt suksess. Mannen hennar har pensjonert seg, men barna Filip og Henny sit i sentrale stillingar i forlaget. Når Myrna kallar til seg familien for ei helgesamling på ei lita øy, trur dei andre først at dei er bedne i 70-årslag, og dei tar med seg gåver, talar og barnebarnet. Men på agendaen står slett ikkje ei bursdagsfeiring, men eit kaldt strategimøte om overtaking av verksemda.

På nesten ibsenaktig vis er det duka for eit nådelaust generasjonsoppgjer der mangt og mange viser seg å ikkje vere slik det eller dei har gitt seg ut for å vere. Blanda i hop med det klassiske forlagsdilemmaet børs kontra katedral, kjem meir ålmenne tema rundt løgn kontra sanning opp på bordet.

Og éin ting er spørsmålet om kven som skal styre skuta vidare, men kva om det ikkje finst noka skute å overta?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement