Musikk

Når scena vert testamentet

To julikonsertar i Storbritannia viste kva som gjer rock and roll til meir enn berre rock and roll.
 

Ozzy Osbourne sit på trona på den siste konserten sin nokosinne. Og Liam Gallagher og broren Noel heldt sin fyrste konsert på 16 år.
Publisert Sist oppdatert

Ein kan vere rockestjerne på fleire vis.

Den fyrste helga i juli gjenoppstod eit band som levde livet som om dei var med i eit realityshow, medan ein artist som vart verkeleg kjend då livet hans vart eit realityshow, tok farvel.

Manchester-rabagastane Oasis, med kranglebrørne Noel og Liam Gallagher i front, hadde sine fyrste konsertar på 16 år. Den sjølvutnemnde fyrsten av mørket og stjerna i realityserien The Osbournes, Ozzy Osbourne, gjorde sin siste konsert nokosinne.

Sortien til sistnemnde var ei over ni timar lang hylling av liv og karriere, der Osbourne og Black Sabbath avslutta til fortent jubel og fyrverkeri.

Den parkinsonråka 76-åringen framførte låtane sitjande på ei beksvart trone, med karakteristiske skremmande rørsler og med entusiastisk allsong frå publikum. Røysta var, trass i sjukdomen, klagande sterk, om enn kanskje ikkje like energisk som i debuten for snart 60 år sidan. Takksemda han viste mellom songane, var gripande.

Ingen av låtane var nye: Ozzy spelte berre éin låt frå åra etter 1980.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement