Bok

Når prat blir litteratur

Den nyaste romanen til britiske Rachel Cusk er både tankevekkjande og forteljarteknisk elegant.

Rachel Cusk har skrive fleire romanar og sakprosabøker, og ho har fått fleire prisar.
Rachel Cusk har skrive fleire romanar og sakprosabøker, og ho har fått fleire prisar.
Publisert

Omriss er bygd opp av samtalar Faye, ein engelsk forfattar, har under eit opphald i Athen der ho er for å halde eit skrivekurs. Ho snakkar både med framande og med vener, kollegaer og studentar.

Sjølv er eg ofte ein litt gjerrig samtalepartnar. Eg er glad i å vere for meg sjølv og har meint at det som skjer inne i ein, er verd vel så mykje som ein god samtale. Men Omriss har fått meg til å sjå litt annleis på dette. For kva er livet eigentleg anna enn samtalar? Kven er vi utan alle menneska rundt oss? Og kvifor er ikkje fleire bøker skrivne slik?

Medforfattar

Kvart kapittel inneheld ein ny samtale, fleire av dei så uavhengige av handling, tid og stad at dei kunne stått som sjølvstendige tekstar. Samtalane er som monologar der samtalepartnarane brettar ut nær sagt alt og knapt spør hovudpersonen om noko som helst. Likevel blir det ikkje pratete eller einsformig. Cusk har med nok skildringar av menneske og omgivnader til at ho unngår at det blir som å lese reine teatermonologar.

Samtalane vekslar mellom å vere gitt att som direkte og indirekte sitat. Dette verkar først vilkårleg, men vi skjøner etter kvart at det er del av eit imponerande forteljargrep. Romanfigurane uttrykkjer seg nesten skriftleg. Dei er velformulerte og tar ivrig i bruk metaforar, og det er i indirekte sitat at teksten er spesielt rik.

Sidan eg-personen sjølv er forfattar, slår det meg at ho fungerer som medforfattar, at ho er ein aktiv forteljar som bestemmer kva som skal vere med og ikkje, slik at vi endar opp med å høyre mest av det den andre seier. I kapittelet med kollegaen Ryan ser vi noko som kan understøtte dette; han spør Faye om skrivinga hennar, men i staden for å svare sluttar kapittelet brått. Agnete Øye må ha hatt litt av ein jobb som omsetjar. Den har ho meistra ypparleg, teksten flyt godt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement