Bok

Når praksis taper mot teorien

Ole Thorstensen er noko så uvanleg som ein bokskrivande handverkar.

Ole Thorstensen har sveine- og meisterbrev som tømrar. Han har skrive fleire bøker om manuelt arbeid.
Publisert Sist oppdatert

Ole Thorstensen er tømrar og byggmeister. På 1700-talet stod lauga for opplæring av snikkarar og murarar. Etter seks år kunne dei ta sveineprøva. No er det teoretisk opplæring ved universitet og høgskular som har suveren prioritet. Men framleis høyrer over 60 prosent av det norske folket til i den statistiske kategorien «låg eller inga utdanning».

Fleirtalet har ingen grad å skilte med. Men om dei lågt eller ikkje utdanna la ned arbeidet sitt, ville landet utanfor kontora stanse på timen. Tømraren prøver med boka å få til ein diskusjon om det langvarige fallet i status, løner og utdanning for praktisk arbeid samanlikna med utviklinga i det teoretiske yrkeslivet.

Avstanden mellom den manuelle og den teoretiske kunnskapskulturen er så stor at dei to har ingen felles røyndom, er hans oppfatning. Det manuelle arbeidet er vorte gamaldags, skriv han, noko den moderne ideologien vil legge bak seg. Den teoretiske kunnskapen skal vere drivkrafta bak utvikling og nyskaping. Det manuelle arbeidet er berre som eit råstoff i produksjonen, skriv forfattaren.

Forfall i bransjen

Å få fram problema for det praktiske har han prøvt før. I 2015 gav han ut En snekkers dagbok. Ho vekte internasjonal interesse og er omsett til 16 språk. Her fortel han om forfall i byggjebransjen då det vart slutt på at godt handverk og berande innsikt gjekk i arv frå meister til svein og lærling.

Handverk lèt seg ikkje lære av instruksjon med ord, men av å sjå korleis arbeidet vert gjort av den som kan. Sju år seinare, i 2022, fortalde han i Bare en jobb om opplevingane på ein byggjeplass i Polen og det vanskelege samarbeidet med dei andre utan å kunne språket og kjenne den lokale kulturen.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel