Bok

Når media svik rettsstatstanken

Assange-saka vart ein kamp mot ytringsfridomen.

Julian Assange på veg vekk frå rettsslokalet i London i mai 2019.
Julian Assange på veg vekk frå rettsslokalet i London i mai 2019.
Publisert

Augusto Pinochet sat i varetekt i England i mindre enn eit halvt år (1999–2000), arrestert av di ei rekkje land ville rettsforfylgje han for tortur og brotsverk mot menneskeætta. Straks voks det fram ein svær aksjon for å få han frigjeven, i og utanfor parlamentet. Pinochet fekk attende den diplomatiske immuniteten av di ein medlem av domstolen som tok immuniteten ifrå han, hadde vore med på ein lokal innsamlingsaksjon for Amnesty International.

Ein dommar som var gift med ein som mange gonger vart omtala i Wikileaks, fekk derimot avgjere om Julian Assange skulle sitje arrestert i 2018. Assange sat i isolat, han vart håna og baktalt på det verste, og helsa vart jamt dårlegare. Det gav ingen lette i soningsvilkåra, medan same argumentet for Pinochet gav han rett til allslags gjester, såleis statsministeren, og førte til frigjering og heimsending (sjå Nils Melzers artikkel i Le Monde Diplomatique, august 2022).

Etterplapring

Skilnaden i handsaming forklårar kva for eit offisielt underbygd hat, fylgt opp av sentrale medium, som Assange har vore utsett for. Han torturerte ingen, drap ingen, men avslørte tusentals brot på krigslovene, menneskerettane og ei rad lover, såleis om korrupsjon. Dei store internasjonale presseorgana kravde aldri frisetjing av Assange, men la stein til børa.

Det same gjeld norske medium. For meg er det mest interessante kapittelet i boka det som heiter «Sideblikk på norsk medieoffentlighet», ein systematisk, overtydande gjennomgang av mediehandteringa, især i Schibsted-avisene. Media elles tok mønster av korleis Schibsted, med Aftenposten i spissen, utnemnde Assange som farlegare enn avsløringane. Få redaksjonar tenkte over kva slik framferd kan få å seie for tilstandane for rettsstat og ytringsfridom.

Panama-papira og Watergate og anna som i si tid vart hylla som stor journalistikk, er gløymt. Ein påstår seg i staden å ha omtanke for soldatar som lyder ukorrekte og ulovlege ordrar. Desse ordrane var ikkje alle ulovlege, men dei var ikkje etter regelverk og fastsette normer og førte til mannskapstap og så bortetter. Anten syner framgangsmåtane ei særs kynisk haldning overfor gjerningane som er avslørte, og til bodberaren, eller også ei relativt tanketom etterplapring etter utanlandske apologetar for handsaminga av Assange.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement