Bok

Når maskene fell

Ian McEwan reiser høgaktuelle og moralske spørsmål, men rotar seg inn i for mange intrigar.

Den britiske forfattaren Ian McEwan har ein stor lesarskare og er nominert til Bookerprisen seks gonger.
Publisert Sist oppdatert

Ian Mc Ewan er blant dei nolevande britiske forfattarane som får mest åtgaum og merksemd. Hva vi kan vite er eit varsku om kor gale det kan, og venteleg vil, gå, om vi turar fram på same viset som no med overforbruk og naturutrydding. Nokre meiner at Ian McEwan slår inn opne dører med denne romanen, men effekten av å få desse enorme problemkompleksa serverte i ei velsmidd fiksjonsform er sterkare enn nyhendesendingar og forskingsrapportar. Dessutan er det vel ikkje så mange andre forfattarar som kombinerer dystopi, krim og intellektuell satire i éin og same roman.

Vi er hundre år fram i tid, i 2119. Litteraturprofessor Tom Metcalfe forskar på den kjende (fiktive) lyrikaren Francis Blundy, som var blant dei aller største i britisk litteratur hundre år tidlegare, altså på byrjinga av 2000-talet. Tom er spesielt opptatt av eit forsvunne dikt som Blundy skreiv til kona Vivien på 50-årsdagen hennar i 2014. Diktet skal ha vore ein sonettekrans, altså eit langdikt i ei avansert og klassisk verseform. I bursdagsselskapet vart diktet framført av forfattaren og overrekt Vivien i eitt einaste eksemplar på pergament.

Sjølv om ingen seinare har sett diktet, er det og kvelden då det vart framført, blitt legendariske. Litteraturforskaren leitar i brev, e-postar og dagboknotat etter fakta om den spesielle kvelden og gjer fleire farefulle ferder for å spore opp meir utilgjengeleg kjelder i jakta på det forsvunne diktet. Det heile blir ei spennande skattejakt for Tom, han blir så oppslukt av livet til Blundy-paret at det skapar ekko og etter kvart kaos i hans eigen kjærleiksrelasjon.

Ei anna verd

Toms verd er ikkje til å kjenne att for oss som lever i dag. Befolkninga på kloten er halvert. Etter ein storkrig med bruk av atomrakettar og påfølgande tsunami vart Storbritannia overflødd og består av øyar eller ligg under havet. Den nye stormakta i verda er Nigeria. USA har gått under i eit lovlaust kaos. Teknologien har overlevd, men er strengt regulert. Sidan Tom forskar på vår eiga tid, får vi eit fascinerande og aller mest skremmande perspektiv på denne. I Toms samtid kallar dei måten vi har innretta oss på, for «galskapen».

Boka har to delar, i den andre får vi ein ny forteljar og går hundre år tilbake. Litt etter litt får vi ta del i kva som hende i forkant av og på den legendariske kvelden med diktet, og med dei som var der. Her kan eg ikkje røpe for mykje utan å øydelegge spenninga. McEwan får også inn nokre kostelege spark mot oppblåste mannlege forfattar- og professorego og skriv interessant og levande om biografiskrivearbeid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement