Bok
Når kjærleiken blir sett fri
Tolv augeopnande soger formidlar eit mangfald av kvinneliv.
Bernardine Evaristo fekk Booker-prisen for denne romanen i 2019, delt med Margaret Atwood. Båe skriv høgaktuelle prosatekster som opnar både auga og hjartet.
Jente, Kvinne, Annet gir oss tolv forteljingar om like mange kvinner, grupperte i kapittel med tre forteljingar i kvar. Kvinnene er forbundne anten gjennom slektskap, venskap eller kjærleik. I det siste kapitelet i boka møtest mange av dei på ein premierefest i London, byen dei fleste bur eller har budd i. Felles for kvinnene er ein brokete og/eller fleirkulturell bakgrunn. Med unntak av éi eller to, blir dei karakteriserte – eller dei karakteriserer seg sjølve – som «svarte», med ein hudfarge som varierer frå fløtefarga til ibenholt.
Historiene fortel om eit mangfald av lagnader, ulike når det gjeld miljø og tidsepokar, men livshistoriene tangerer ein felles tematikk. Det handlar om utanforskap og diskriminering på bakgrunn av både kjønn og farge, dessutan om homofili og flytande kjønn. Det er både heftig og brutalt. Evaristo spenner lerretet vidt og breitt og går heilt tilbake til slavetida. Likevel er lesaren meir oppløfta enn tyngd når boka er ferdiglesen. Den kaleidoskopiske framstillinga er full av kraft og overskot.
Teksten er sett opp utan store bokstavar og vanleg teiknsetting. Sjangermessig ligg boka likevel heilt klart innanfor epikken, lettlesen og med eit språk som er ganske rett fram og kvardagsleg.
UKUELEG LIVSMOT
I sentrum står Amma, ein lesbisk engelsk/nigeriansk teaterregissør som visstnok har ein del til felles med forfattaren. Det er Ammas stykke premierefesten hyllar til slutt. Dottera Jazz har Amma fått med ein homofil mannleg ven. Jazz er heterofil, dei to andre unge som er skildra i boka, er meir «flytande» når det kjem til kjønnsidentitet og seksuelle preferansar. Sjølv om verda kanskje er blitt noko mindre fordomsfull enn då foreldregenerasjonen vaks opp, må også dei unge søkje eigne vegar gjennom ei krevjande (medie)røynd. Når dei finn dei gode venene, veks sjølvtilliten og trua på at dei ikkje lar seg stoppe av noko eller nokon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.