Bok
Når enden er nær
Novelleantologien til Samlaget byr i år på gåtefulle og mørke noveller.
Siri Økland har fått antologien dedisert til seg. Ho døydde kort tid etter at ho hadde levert novella si.
Foto: Samlaget
Er det pandemien som har inspirert forfattarane av årets novelleantologi frå Samlaget til å skrive desse mørke tekstene? Ein duld fare ligg og trugar, oftast utan å kome heilt til overflata.
Eit klassisk krav til ei novelle er einskap i tid, stad og rom og ein overraskande slutt. I nyare tid har den opne slutten vore vel så vanleg i sjangeren. I denne antologien er det dette grepet som dominerer, og helst litt for mykje. I fleire av dei manglar nettopp «slutten på historia», det er tekster som ikkje lukkar seg, som ikkje har nokon tydeleg konklusjon. At såpass mange av novellene manglar ein meir poengtert slutt, gjer at lesinga kan kjennest noko utilfredsstillande, og at innhaldet, tematikken, fislar litt ut i sanda.
Meister Grytten
Her er gode unnatak. Frode Gryttens tittelnovelle har fått den posisjonen og plasseringa ho bør ha. Den røynde forfattaren leverer ein snedig leik med krimsjangeren og annan litteratur. Her er hint og spark både til klassiske og nyare forfattarar, og ikkje minst til ein bokindustri der det er pengane som rår.
Hovudpersonen arbeider på «nordicnoir-fabrikken» der han skriv for kjente krimforfattarar som ikkje anar kven han eller andre tilsette på fabrikken er. Vi er i eit slags framtidsscenario, eit heller kaldt og Kafka-aktig miljø. Ein viktig person er den mystiske «K» som eg-personen prøver å lokke til seg med dikt. Novella er ein labyrint, ei metatekst og ein fryd å lese.
Fleire av dei neste novellene i samlinga får eg mindre ut av, med eit par unnatak. Therese Bakkevoll har i «Transit Bajkonur» skrive ei rå og ubehageleg, men sterk tekst. Forfattaren viser fine evner når det gjeld å skrive fram tydelege scener og miljø. Også her er vi i ei framandgjort verd med kyniske menneske. Novella etterlet seg ei uro i lesaren og skarpe bilete på netthinna.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.