Bok
Når eget vert ein annan
Tidligere frisk mann – en sykdomshistorie kjennest som ei spenningsbok.
Tore Rem (f. 1967) har skrive fleire sakprosabøker, mellom anna ein tobandsbiografi om Jens Bjørneboe og trilogi om kong Olav V.
Foto: Cappelen Damm
5. januar 2014 fall Tore Rem om
på fotballtrening i Nydalen. Det skulle etter nokre dagar vise seg at han hadde
bore på ein sjukdom som alt hadde utretta skade. Diagnosen vart sarkoidose,
ein systemisk sjukdom som kan gå til åtak kvar som helst i muskelmassen. Svært
sjeldan set han seg i hjarta, slik som hjå Rem. Det er berre 50–60 menneske med
same diagnosen i Noreg.
Etter eit slikt hende handlar
livet sjølvsagt om å omstille seg. Om å verte ein annan. Og Rem kjenner store
delar av litteraturen som handlar om at skrivaren, forfattaren, konstruerer seg
eller vert konstruert som ein annan. «Je est un autre», sa Rimbaud, med bruk av
tredjepersonsforma for verbet i staden for korrekt fyrsteperson. Tekstane om å
vere ukorrekt, mistilpassa, ein framand for seg sjølv og verda, vert meisterleg
utnytta i teksten til Rem.
Spenningsbok
Opplevinga av konstant endring
gjer at Tidligere frisk mann kjennest som ei spenningsbok. Her er det enigmaer inne i gåter
som skal finnast, her må det utforskast korleis sjukdommen ter seg, det må
utgreiast kva for operasjonar, større og mindre, som kan utførast, jamvel om
kirurgane har «begrenset erfaring» med framgangsmåtane. Åndelaust fylgjer vi
med: Kva hende, gjekk dette bra, kva no, korleis taklar han dette?
Vi er med på opplevingane av å
jamleg ha uhell i uhellet; det vert oppdaga komplikasjonar, elektriske verdiar
som er for dårlege (også sjeldan for tilstanden), og det verkar som alt som kan
hende av motgang, berre stormar på. Så denne forfattaren, som har skrive
biografiar og halde masterkurs om sjølvbiografiar, må utnytte dei teoretiske og
praktiske skrive- og undervisningskompetansane sine til å analysere korleis sorg,
dødsangst og kommunikasjonsvanskar kan overkomast ved hendeleg hell eller hardt
arbeid. Sameleis vert vi kjende med den uendelege keisemda i repetitive
prosedyrar, gnagande på forventningane om framgang.
Sjølvsagt vert ein vrang og vanskeleg,
sjølvsagt utviklar angsten hjå dei nære seg til irritasjon over den kravstore
pasienten, sjølvsagt veit ein ikkje kven ein er i lange periodar. Lesaren unngår
likevel grundige innføringar i sjelelivet til dei involverte. I staden utviklar
vi vår forståingsevne omveges. Vi tek til å skjøne den gåtefulle, dels
gruoppvekkjande sjukdommen «kardial sarkoidose» historisk, systematisk og altså
psykologisk og sosialt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.