Når dansen vert musikk
Det spesielle med One Small Step er at lyden frå dansen vert ein likeverdig del av lydbiletet.
Vegar Vårdal, Janne Eraker og Roger Arntzen utgjer One Small Step.
Pressefoto
Dansemusikk
One Small Step:
Gol Variations
Clean Feed Records
Poenget med all dansemusikk uansett stil eller sjanger er at musikken skal vera god å dansa til. Og ofte vert dansemusikken flytta ut or sin opphavlege kontekst og omgjord til «lyttemusikk» på konsert eller plate.
Det som er spesielt med denne trioen, er at lyden frå dansen – det vil seie steppedansen til Janne Eraker – vert ein likeverdig del av det samla lydbiletet. Dei harde skosolane mot tregolvet i Gol stavkyrkje, som er plassert på Norsk folkemuseum på Bygdøy, er like mykje eit slagverksinstrument som lyden av danserørsler. Lydteknikar Audun Strype skal ha ære for at dette fungerer såpass godt på opptak.
Eit anna overraskande element på produksjonen er Vegar Vårdals vokale prestasjonar. Dei fleste av oss kjenner han som ein framifrå folkemusikkutøvar på fele, men her har fela ei tilbaketrekt rolle, og Vårdal slepper seg i staden laus med røysta: grynting, roping, plystring, pusting og pesing med meir.
Det mest konvensjonelle elementet på plata er kontrabasspelet til Roger Arntzen. Han har hovudsakeleg bakgrunn frå jazz, og improvisasjonen hans utgjer ei fin motvekt til dei meir intense stemmeutbrota og steppelydane.
Samstundes som dette prosjektet er svært originalt, kjem ein ikkje bort frå tanken om at det kanskje hadde vore meir gjevande å sjå denne trioen i aksjon enn å lytta til musikken på plate. I lengda vert det temmeleg intenst, særleg i dei kraftfulle partia. Det er heldigvis nokre kvileskjer innimellom.
Uansett er det ein god og original idé å viska ut grensene mellom dans og musikk på denne måten.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.