Musikk
Når dagen er over
Eit fint knippe artistar løftar fram songskatten til Nick Drake.
Nick Drake døydde berre 26 år gammal.
Foto: Blue Raincoat Music
Det var som om det djupe mørkeret som bur i songen, verkeleg kom fram for første gong då eg nyleg lytta til John Grants framføring av «Day Is Done», ein av dei mest kjende låtane til Nick Drake, og eit absolutt høgdepunkt på den nye samleplata The Endless Coloured Ways.
Hadde eg ikkje lytta godt nok før? Eller hadde den milde originalversjonen gjort meg blind for den isnande biletbruken i dei knappe, presise strofene? Hadde eg lytta så mange gonger at eg ikkje verkeleg høyrde songen lenger?
Grants tolking sende meg rett tilbake til originalversjonen på Five Leaves Left (1969), på biltur langs ein fjord, slik også tolkinga til jazzpianisten Brad Mehldau gjorde det for nokre år sidan, på det som vart nøkkelsporet på Day Is Done (2005). Slik er det med Drake – ein må tilbake, igjen og igjen, og dele det som er å finne der, med andre som måtte vere interesserte. Og her er det The Endless Coloured Ways kjem inn.
Berre tre album
Nicholas Rodney Drake (1948–1974) rakk berre å gi ut tre plater før han døydde 26 år gammal av ein overdose med antidepressiv. Då eg sjølv oppdaga Five Leaves Left, Bryter Layter (1971) og Pink Moon (1972), som du kjem fint gjennom i løpet av ein sommarkveld, fekk eg – som så mange før og etter meg – eit nært forhold til særleg den første av dei.
Eg var i tjueåra og høyrde stadig Drake nemnd i intervju med artistar eg lytta til på den tida – Kate Bush, R.E.M. og fleire andre, namnet dukka opp med jamne mellomrom.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.