Musikk

Når alt stemmer

Bobo Stenson Trio spela i bystyresalen.
Bobo Stenson Trio spela i bystyresalen.
Publisert

Å sitja på fremste benk i den arkitektonisk vakre og akustisk gode bystyresalen og lytta til favorittpianotrioen sin er toppen av lukke – spesielt når denne trioen har ein heilt optimal dag på jobben. Bobo Stenson (piano), Anders Jormin (bass) og Jon Fält (trommer og kalimba) har jobba saman i 18 år. Kjemien må vera der om eit samarbeid skal fungera og vera kunstnarleg gjevande etter så lang tid, men ein merkar med ein gong at desse tre elskar å skapa musikk saman.

Dei byrja med Sven-Erik Bäcks «Våren» og følgde opp med ein song frå Nord-Korea, som naturleg førte vidare til Alfred Jansons «Ky og vakre Madame Ky», ei nidvise om den sørvietnamesiske leiaren og playboyen Nguyen Cao Ky. Trioen brukar humor for å få fram ironien, og Stenson spelar eit av sine pregnante kor – mest som ein komposisjon i komposisjonen. Dette leier oss fram til det førebelse høgdepunktet i konserten «Don’s Kora Song» (som er å finna på Cantando, ECM, 2008). Temaet blei spelt av Stenson og Fält (på kalimba). I den improviserte sekvensen skifta Fält ut kalimbaen med trommene.

Siste del av konserten byrja med to Jormin-komposisjonar der han fekk vist at han er ein virtuos med bogen. Bluesklassikaren som er ført i pennen av saksofonisten Gary Bartz, blei eit springbrett for trioen til å kasta seg ut i ein lengre bolk som på engelsk heiter trading fours, musikalsk samtalekunst av beste sort!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement