Bok
Namnet på rosa
«Nerderoman» møter Vogue og held seg på overflata
Eg er nok ikkje i målgruppa for denne romanen. Ikkje er eg frankofil og ikkje er eg spesielt oppteken av parfyme, interiør eller mote. På den andre sida er det få grenser for kva eg kan fatte interesse for, om det berre blir formidla til meg på ein måte som vekkjer nyfikne og vitebegjær. Denne romanen gjer ikkje det.
Ingrid er ei ung kvinne som har slutta brått i eit arbeid som kjemikar i ein stor bedrift i Trondheim. Ho har budd med mor si i mange år, faren døydde medan ho var i oppveksten. På klassisk danningsromanvis reiser ho ut i verda, til parfymesenteret Grasse i Sør-Frankrike for å finne ut av fortida til faren. Samstundes søkjer Ingrid ei retning for sitt eige liv. I Grasse får ho raskt innpass hos den viktigaste parfymeprodusenten og treffer menneske som faren kjende. Dramaet kan ta til.
Historia blir bretta ut for oss lag for lag, opplysningane om fortida kjem i drypp utover i boka og kastar lys over notida. Tidsplana er tydeleg skilde frå kvarandre, ein blir ikkje forvirra under lesinga. Men ein blir kanskje heller ikkje så frykteleg interessert. I Parfymeorgelet er diverre avsløringane for opplagde til at den velbrukte metoden held spenninga oppe.
Kostymedrama
Vi skjønar at romanen vil formidle at i Grasse møter Ingrid mange spennande og interessante menneske. Men det teksten viser, er dette:
«Claire så seg begeistret rundt, med det store håret i en lang flette nedover ryggen. Den vide mønstrete kjolen var holdt sammen i livet av en snor med dusker. (…) Jean hadde hvit skjorte med linning uten krage, håret krøllet seg, ennå fuktig.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.