Film

Namnefest og fjeskalas

Nouvelle Vague er ei kjærleg, très cool og ukritisk hyllest til nouvelle vague.

Filmen tek publikum til Paris og den franske nybølga i 1950-åra.
Publisert

Det er Paris, slutten av femtitalet. Jean-Luc Godard (Marbeck) er lei av å vera filmkritikar og skriva om kollegaene sine som stadig tek steget inn i regissørverda. Han vil òg laga film, ikkje berre omtala andre sine.

Då han endeleg får ein produsent til å bita på, hankar han inn hunken Jean-Luc Belmondo (Dullin) og den amerikanske nye stjerna Jean Seberg (Deutch) og lagar det som i ettertid vart sjølve definisjonen på nouvelle vague, den franske nybølga, den stiliserte, improviserte Til siste åndedrag (1960).

Fêtevare

Tenk deg ein fest der Jean-Luc Godard, Jean Seberg, Agnes Varda, Roberto Rosselini, Francois Truffaut, Eric Rohmer og sånn ti–tjue andre store filmfjes er samla. Den festen har regissør Richard Linklater tenkt fram for deg, så om du ikkje akkurat kan ta ei skål med dei eller be om autografen, så er det det næraste du vil koma.

Linklater har plukka alle filmkirsebæra han har fått plass til i kjelen, og kokt det ned til eit konsentrat av søt, kraftig fransk nybølgesaft. Og på same måte som Godard i filmen ville ha handhalde kamera under filminga av Til siste åndedrag, har Linklater valt opptaksutstyr med omhug: Nouvelle Vague er filma med gamle linser, 35 mm monokrom Kodak- og Ilford-film, sjølvsagt i svart-kvitt og i den tids føretrekte format, 1,37:1. Det er med andre ord ein cineast-film, dette her – haugevis med detaljar, sydde saman med omhug og kjærleik. Er det kanskje litt vel mykje kjærleik involvert? Ja ja, det er fest – kvifor øydelegga den gode stemninga med å vera kritisk til vertskapet!

Madame Linklater

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement